Zeist er ein kommune og by i provinsen Utrecht i Nederland, sentralt i landet. Han har rundt 60 000 innbyggjarar (est. 2007). Byen ligg ikkje langt frå Utrecht i eit skogdekt område.
venstre|mini|Slot Zeist. Byen blei hovudkvarter for den moraviske kyrkja (herrnhutismen), etter at denne protestantiske gruppa fekk Zeist slott i gåve i 1746.J. Exalto, J.K. Karels, Waakzame wachters en kleine vossen. Gereformeerden en herrnhutters in de Nederlanden, 1734-1754. Groen, 2001. ISBN 9058292436. Slottet er frå 1600-talet. Det blei kjøpt av Zeist kommune i 1924.
Kjende folk frå Zeist
Herman Snellen (1834–1908), oftalmolog som fann opp Snellen-tavla Anthon van Rappard (1858–1892), biletkunstnar Willem Pijper, (1894–1947), komponist, musikkritikar og musikkpedagog Mirjam Sterk (f. 1973), politikar Eva de Goede (f. 1989), landhockeyspelar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Slot Zeist» frå , den 21. juli 2019.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Kommunar i Utrecht Kategori:Byar i Utrecht