Xenoblade Chronicles X, kjent i Japan som Xenoblade X, er eit actionrollespel utvikla av Monolith Soft og utgjeve av Nintendo til Wii U i 2015.
Spelet går føre seg på den uutforska planeten Mira. Etter at jordkloten har vorte øydelagt på grunn av ein utanomjordisk krig, har menneskja prøvd å sleppe unna i romskip. Eitt av desse skipa, New Los Angeles (NLA), slepp så vidt unna og krasjlandar på Mira. Karakteren som spelaren styrer, ein tilpassa avatar, blir vekt frå dvale av kvinna Elma og blir medlem i gruppa BLADE, som skal beskytte NLA og utforske Mira.
Kjelder
Kategori:Action-rollespel Kategori:Dataspel frå 2015 Kategori:Wii U-spel