Mikaela Johanna Emilia Ingberg () er ein finsk friidrettsutøvar frå Vasa som høyrde til verdseliten i spjutkasting i perioden 1995-2006. Ho vann bronsemedaljen i øvinga i VM 1995 og EM-bronsen både i 1998 og 2002.

Aktiv Ingberg kvalifiserte sig til finalen i samtlege internasjonale meisterskap frå 1995 til 2006, med unnatak for Sommar-OL 2004 i Aten, der ho kasta 17 cm for kort til å kome med mellom dei 12 finalistane. Ho tok sin fyrste medalje under VM 1995, klart slått av Natalja Sjikolenko og 6 centimeter bak sølvmedaljør Felicia Țilea frå Romania. Etter fjerdeplass ved VM 1997 tok Ingberg ein ny medalje under EM 1998, langt bak europameister Tanja Damaske frå Tyskland og Tatjana Sjikolenko. Også i den neste europmeisterskapen, i München i 2002, sikra Ingeberg seg bronsen, ei tevling der Hellas Mirela Manjani var i ei klasse for seg og tyske Steffi Nerius tok sølv. Året etter vart Ingberg nummer 4 i VM i Paris, halvmeteren bak bronsevinnar Nerius.

I 2009 vart Ingberg finsk spjutmeister for sjuande gong. Ho la opp i 2010. Ingberg sin personlege rekord med det nye spjutet er 64,03 meter, oppnådd i 2000. Med det gamle spjutet kasta ho som lengst 67,32 meter i 1997-sesongen. Ho hadde i mange år Tapio Korjus til trenar.

Ingberg er finlandssvensk, hennar morsmål er såleis svensk.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1994 i Helsinki: Utslått i kvalifiseringa (54,26 m=nr 16) VM 1995 i Göteborg: Bronsemedalje – 65,16 m OL 1996 i Atlanta: Nr 7 – 61,52 m VM 1997 i Aten: Nr 4 – 66,00 m EM 1998 i Budapest: Bronsemedalje – 64,92 m VM 1999 i Sevilla: Nr 9 – 60,48 m OL 2000 i Sydney: Nr 9 – 58,56 m VM 2001 i Edmonton: Nr 6 – 61,94 m EM 2002 i München: Bronsemedalje – 63,50 m VM 2003 i Paris: Nr 4 – 62,20 m OL 2004 i Aten: Utslått i kvalifiseringa (60,80 m=nr 13) VM 2005 i Helsinki: Nr 9 – 57,54 m EM 2006 i Göteborg: Nr 10 – 56,70 m OL 2008 i Beijing: Utslått i kvalifiseringa (58,82 m=nr 17)

Kjelder World Athletics Denne artikkelen bygger på «Mikaela Ingberg» frå , den 11. juli 2019. Denne artikkelen bygger på «Mikaela Ingberg» frå , den 11. juli 2019.

Kategori:Finske spydkastarar Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008