Bjørn Thomas Åhrén () er ein samisk politikar som sat på Sametinget for Norske Samers Riksforbund frå 2013 til 2021. Han vart vald frå Sørsamisk valkrins og var medlem i både plenumsleiinga, og oppvekst-, omsorg- og utdanningskomitéen. Frå 2013 til 2016 var han medlem av Sametingsrådet, og trødde difor ut or plenum. I den perioden møtte Nora Marie Bransfjell på Sametinget for han.

Åhren er oppvaksen i Sverige, men bur og jobbar i dag i Namdalseid kommune, der han er teknisk rådgjevar. Han har ein PhD i ingeniørfag frå Luleå tekniske universitet.

Bakgrunnsstoff

Bjørn Thomas Åhrén på sametinget.no Sametingsgruppa 2017–2021 på nsr.no (sjå Thomas Åhrén) Biografien til Thomas Åhrén på sametingets nettsider. Arkivert versjon frå 5. mars 2016.

Kategori:Folk frå Strömsunds kommun Kategori:Sametingsrepresentantar frå NSR Kategori:Sametingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Sametingsrepresentantar 2017-2021