mini|Neneh Houca, skildra som «Matriarch of the Diallo Compound» i Ibel i Senegal (ved Kedougou).

Matriark er ei kvinne som har status som overhovud for familien, hushaldningar eller stammen sin, ei stammor eller i overført tyding ei eldre, akta kvinne.

Ordet er danna etter mønster frå patriark, og finst også i matriarkat. Det kom til norsk frå engelsk matriarch.

Omgrepet er viktig i jødedommen, der dei fire viktigaste matriarkane er Sara, Rebekka, Rakel og Lea. Ifølgje Talmud er berre desse matriarkar og berre Abraham, Isak og Jakob er patriarkar. Matriarkane er nemnde i nokre former av amida-bøna.

Omgrepet «matriark» blir også brukt om eldre hodyr som leier familiegrupper, som elgar, elefantar og kvalar. Kjelder

Kategori:Kvinner