Halabja (kurdisk Hełebce) er ein by i Irakisk Kurdistan og hovudstaden i Halabja guvernement, kring 240 km nordaust for Bagdad og 15 km frå grensa til Iran.

Byen ligg ved foten av det som ofte vert kalla den større Hewraman-regionen som strekkjer seg over grensa mellom Iran og Irak. Halabja er omgjeve av fjella Hawraman og Shnrwe i nordaust, Balambo i sør og elva Sirwan i vest. Kurdarane i byen snakkar berre soranidialekten av kurdisk, men somme innbyggjarar i dei kringliggjande landsbyane snakkar hewrami-dialekten.

I 1988 under den iransk-irakiske krigen vart byen angripen med kjemiske våpen.http://www.rudaw.net/english/kurdistan/15032017 Åtaket fann stad under Anfal-felttoget der Saddam Hussein slo ned på kurdiske opprør under krigen. I mars 2010 vedtok den irakiske høgsteretten at Halabjamassakren var eit folkemord.

Klima Halabja har eit heitt middelhavsklima (Csa) med særs varme somrar og kjølige, våte vintrar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Halabja» frå , den 22. juni 2019. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Iraq Image – Halabja Satellite Observation

Kategori:Byar i Irakisk Kurdistan Kategori:Distriktshovudstadar i Irak Kategori:Distrikt i Halabja guvernement Kategori:1650 i Det osmanske riket Kategori:Busetnader skipa i 1650