Stokke Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i Stokke i Sandefjord kommune. Idrettslaget vart stifta 15. januar 1931 og er aktivt med i ski, fotball, handball, orientering og turn. Laga til Stokke IL spelar i grøne fargar.
Stokke Idrettslag var mellom laga som deltok i å arrangere Ski-NM 2010. Under Ski-NM 2007 vann Stokke-trioen Sindre Stokke, Espen Harald Bjerke og Kristian Horntvedt bronsemedaljen i 3 x 10 km stafett.
Den seinare landslagsspelaren i fotball, Ronny Johnsen, var aktiv i Stokke IL i 1986.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Stokke IL» frå , den 19. juni 2019.
Kategori:Idrettslag i Sandefjord Kategori:Idrettslag skipa i 1931 Kategori:1931 i Noreg Kategori:Stokke