Thor Kristen Tjøntveit ()) var ein norsk-amerikansk forretningsmann og flygar.

Tjøntveit voks opp på Hesthagen i Grimstad. Etter å ha teke flysertifikat flaug han først for Widerøe før han emigrerte til USA i 1961 og verka som flygar i Alaska. Han vart amerikansk statsborgar i 1967. I 1967 kræsja han i Yukon og var sakna i ti dagar før han var funnen. Han vart også den første personen til å flyga over både Nordpolen og Sørpolen på same fed.

Attende i Noreg etablerte han charterselskapet Trans Polar i 1971.Aftenposten 28. april 2011 Han opererte med innleidde fly frå Aer Lingus og gjekk konkurs etter berre ni månader. Trans Polar-konkursen var ei tid den største i Noreg, med 33 millionar kroner i utestående fordringar.Tjøntveits historie Fædrelandsvennen 1. juli 2009 Tjøntveit var sikta for svindel, men frikjend.

I 1972 etablerte han eit nytt flyselskap, Norwegian Overseas Airways, men fekk ikkje driftsløyve og flytte selskapet til Bangladesh. I 1987 vart Tjønveit dømt for grovt bedrageri mot eit forsikringsselskap. I 2003 var han sikta for momssvindel, men flykta frå landet. Då han vende tilbake i 2005 vart han dømt til fengsel i fem år og seks månader, og mista retten til å driva forretningsverksemd. Han sat i fengsel til 2012, og døydde i 2017.Nekrolog: Thor Kristen Tjøntveit

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Thor Tjøntveit» frå , den 15. juni 2019. Denne artikkelen bygger på «Thor Tjøntveit» frå , den 25. juni 2019.

Bakgrunnsstoff Tjøntveit-saken ved NRK.no

Kategori:Folk frå Grimstad Kategori:Norske flygarar Kategori:Norske forretningsfolk Kategori:Norske brotsfolk