Roald Øyen () er ein norsk programleiar og tv-personlegdom på NRK.
Johnny Bergh henta Øyen til NRK i 1961 som innspelingsleiar.«Disse overtar Øyens nøtter»(VG 2. januar 2011, besøkt 3. april 2015) Han byrja som programleiar i quiz-serien Bit for bit, bilde for bilde i 1977, eit program som gjekk til tidleg på 1980-talet. Sidan 1984 har han vore programleiar for det årlege konkurranseprogrammet Påskenøtter, og frå 1992 Julenøtter. I 2011 overtok Øystein Bache og Rune Gokstad programleiarrollen.
I desember 2011, eitt år etter siste framferd i NRKs Julenøtter, medverka Øyen med ein gjesteopptreden i Resen Til Nøttestjernen, ein serie TV-quiz på nett av Bergen Student-TV og Bergens Tidende. Programleiarane i serien, Terje Boklund og Eirik Evjen Valestrand, enda opp hos Roald Øyen i siste episode, der Øyen presenterte siste spørsmål i serien.http://www.bt.no/tv/Episode-4-Reisen-til-nttestjernen-2627501.html?paging=1§ion=tv_julekalender
Øyen byrja i NRK på midten av sekstitallet der han vart programsekretær i fjernsynete barne- og ungdomsavdeling. Han har òg jobba bak kameraet på program som På direkten (1965), Rundkast om kringkasting (1976) og Den spanske flue (1990).
Øyen vart i 2010 tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv.
Øyen er elles kjend som ein flyentusiast og er medlem av Oslo Flyveklubb.
Han har vore gift med VG-journalist Nina Bugge (fødd Hjorth) sidan 1968.
Kjelder
Kategori:Kongens fortenestmedalje i sølv Kategori:Programleiarar for NRK