Wolfgang Peter Selzer () er ein tysk tidlegare kappgjengar frå Torgau i Sachsen som vann ein sølvmedalje og to bronsemedaljar i europameisterskapane 1969-74, alle 50 km. Han representerte Aust-Tyskland.

Aktiv Peter Selzer vart austtysk meister i 50 km kappgang i 1966, 1967 og 1973. Under dei olympiske sommarleikane 1968 i Mexico vart han fjerdemann på same distansen. Året etter gjekk han inn til sølv i europameisterskapen i Aten, frågått einast av landsmannen Christoph Höhne. To år seinare måtte dei to austtyskarane eitt trinn ned på sigerspallen i den neste europameisterskapen, i Helsinki var det Venjamin Soldatenko frå Sovjetunionen som gjekk fortast. Etter ein femteplass i Sommar-OL 1972, lukkast Selzer i 1974 take ein tredje EM-medalje i rad, ein ny bronsemedalje.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1966 i Budapest: Nr 11 – 4.33.57 OL 1968 i Mexico-byen: Nr 4 – 4.33.10 EM 1969 i Aten: Sølvmedalje – 4.16.09, bak Christoph Höhne (4.12.32) EM 1971 i Helsinki: Bronsemedalje – 4.06.11 OL 1972 i München: Nr 5 – 4.06.06 EM 1974 i Roma: Bronsemedalje – 4.04.28

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Peter Selzer» frå , den 7. juni 2019. World Athletics

Kategori:Tyske kappgjengarar Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972