Vintage Dead er eit konsertalbum av rockegruppa Grateful Dead. Det vart spelt inn i Avalon Ballroom i San Francisco, seint i 1966 (trudd å vere 16. september 1966), og gjeve ut i 1970.
Vintage Dead vart produsert utan at Grateful Dead samtykka eller var involvert. Eit selskap kalla Together Records sette saman konsertopptak av forskjellige band i Bay Area for ein planlagd antologi. Då selskapet gjekk konkurs, betalte MGM den attverande gjelda og fekk tak i lydbanda. Dei gav ut to album med Grateful Dead-songar på etiketten Sunflower Records. Det første, Vintage Dead, nådde 127. plassen på Billboard 200. Det har lenge vore utseld og har aldri kome ut på CD.
Vintage Dead vart følgd opp av Historic Dead, eit anna Sunflower Records spelt inn i Avalon i 1966 og gjeven ut på liknande vis.
Innhald
Medverkande Grateful Dead Jerry Garcia – sologitar, vokal Bill Kreutzmann – trommer Phil Lesh – bassgitar, vokal Ron «Pigpen» McKernan – orgel, munnspel, vokal Bob Weir – rytmegitar, vokal
Teknisk Robert Cohen – produsent og lydteknikar Richard Delvy – redigering og miksing Kelley/Mouse Studios – design John Pierce and Mokelvey – framside og design
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Vintage Dead» frå , den 2. juni 2019.
Kategori:Konsertalbum frå 1970 Kategori:Konsertalbum av Grateful Dead Kategori:Sunflower Records-album