Drive the Cold Winter Away er det femte studioalbumet til det irske rockebandet Horslips, gjeve ut seint i 1975. Det vart spelt inn i Trend Studios i september 1975 og gjeven ut av Horslips på eiga hand.
På ei tid då Horslips raskt hadde fjerna seg bort frå den keltiske rocken og dei irske røtene dei hadde starta med, gav dei ut dette albumet som i stor grad er basert på irsk, tradisjonell musikk. Alle dei tretten songane har irsk opphav og eit vintertema.
Innhald
Medverkande Barry Devlin - bass, vokal Johnny Fean - gitar, fele, banjo, mandolin Jim Lockhart - celeste, piano, pipeorgel, bordorgel, fløyte, tinnfløyte, sekkepipe Eamon Carr - bodhrán, bongo Charles O'Connor - fele, mandolin, concertina, sekkepipe, vokal
Teknisk Fred Meijer - lydteknikar Chris Ellis - plateomslag Charles O'Connor - design
Kjelder
Kategori:Horslips-album Kategori:Musikkalbum frå 1975