Randy Luvelle Williams () er ein USA-amerikansk tidlegare lengdehoppar frå Fresno i California. Han vann OL-gull i øvinga i 1972 og OL-sølv i 1976.

Aktiv Williams vart i 1972 nordamerikansk studentmeister (NCAA) på fine 8,13 m. Etter å ha vorte andremann i det heimlege OL-uttaket, smelte han til med 8,34 meter og personleg rekord i kvalfiseringa under Sommar-OL 1972 i München, årsbeste i verda. Han starta så OL-finalen med sterke 8,24 m, eit hopp ingen gjorde han etter. Vesttyske Hans Baumgartner og hans eigen landsmann Arnie Robinson tok dei andre medaljane.

I mai 1973 presterte Williams sitt liv lengste lengdehopp då han vart nordamerikansk studentmeister. Han landa på 8,46 m i for sterk medvind til at det vart rekord. Etter eit par sesongar på moderate lengder, kom Williams tilbake og kvalifiserte seg til Sommarleikane 1976 i Montreal. I OL-finalen tok han sølv med 8,11 m, utan å kunne skikkeleg utfordre landsmannen Arnie Robinson i gullstriden. Fire år etter kvalifiserte Williams seg til sommar-OL for tredje gong. Til dei olympiske leikane i Moskva kom han likevel ikkje, då USA boikotta leikane i protest mot at Sovjetunionen eit halvår tidlegare invaderte Afghanistan. OL-sesongen 1980 nådde han 8,13 m i lengdegropa. mini|venstre|Randy Williams under Sommar-OL 1972 Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1972 i München: Gullmedalje – 8,34 m, framom Hans Baumgartner (8,18 m) OL 1976 i Montreal: Sølvmedalje – 8,11 m, bakom Arnie Robinson (8,35 m)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Randy Williams» frå , den 26. mai 2019.

World Athletics

Kategori:Lengdehopparar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1972 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976