Katie Olivia Hopkins () er ein engelsk spaltist og mediepersonlegdom.

Hopkins vart kjent i media mellom anna då ho deltok i den tredje serien av The Apprentice i 2007. Ho vart spaltist i britiske nasjonale aviser, og starta å skrive for The Sun i 2013 og Daily Mail-nettstaden MailOnline frå 2015 til 2017. Ho har også vore vertinne for sitt eige TV-program If Katie Hopkins Ruled the World, og presentatør for radiostasjonen LBC. I januar 2018 vart ho spaltist i den kanadiske nettstaden The Rebel Media.

I løpet av karrieren sin har nokre av ytringane til Hopkins ført til kontroversar og kritikk, særleg nokre av kommentarane hennar om migrantar. Ho vart oppsagt i LBC i mai 2017 etter å ha kommentert bombeåtaket i Manchester Arena på Twitter.

Referansar

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Katie Hopkins on Gab

Kategori:Einskildkvinner Kategori:Folk frå Barnstaple Kategori:Engelske journalistar