Stuart Anthony Thurgood () er ein britisk kriminell og tidlegare fotballspelar frå London. Han vart i 2021 dømt for smugling av narkotika.

Fotball Thurgood var midtbanespelar. I tida 1998-2017 var han innom 10 ulike klubblag. Han prøvde seg også på lag i den nedre delen av den engelske ligaen, utan å få større speletid.

Kriminalitet I 2021 vart Thurgood dømt til 8 års fengsel for narkotikasmugling. Han var med i ei organisert bande som smugla kokain til Storbritannia og som fordelte det vidare til gangsterar i Essex-området.

Bakgrunnsstoff

Denne artikkelen bygger på «Stuart Thurgood» frå , den 20. juli 2024.

Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Southend United-spelarar