høgre|mini|Ei samtidig teikning av «The Rocket». Rocket (engelsk 'Rakett') var eit tidleg damplokomotiv utforma av Robert Stephenson i 1829. Det er rekna som det første moderne lokomotivet.
Rocket var ikkje det første damplokomotivet til å bli laga, men førte saman mange ulike oppfinningar som gjorde det til det mest avanserte lokomotivet i samtida, og eit mønster for damplokomotiv gjennom dei neste 150 åra.
Lokomotivet vart konstruert av Robert Stephenson and Company i Newcastle-upon-Tyne i 1829. Toppfarten til lokomotivet med full last var cirka 46 km/t. Originalen var i bruk til 1862. Han var utstilt på London Science Museum fram til 2018, med ei framsyning i Japan i høve Festival UK 98 i 1998. Deretter blei lokomotivetlånt ut til Newcastle Discovery Museum frå 22. juni til 9. september 2018, og så til Science and Industry Museum i Manchester frå 25. september 2018 til 8. september 2019. Deretter skal det vera ved National Railway Museum i York.
Ein kjørbar kopi av «Rocket» vart bygd i 1979, og tilhøyrer National Railway Museum.
Fotnotar
Denne artikkelen bygger på The Rocket frå Wikipedia på bokmål 22. mai 2019
Denne artikkelen bygger på «Stephenson's Rocket» frå , den 14. juni 2019.
Bakgrunnsstoff Stephenson's Rocket, Rainhill and the rise of the locomotive ved National Railway Museum
Kategori:Jarnbanehistorie Kategori:Damplokomotiv Kategori:Engelske oppfinningar Kategori:Skipingar i 1829