Grand Prismatic Spring er ei varm kjelde i Yellowstone nasjonalpark i USA. Ho er den tredje største slike kjelda i verda, etter Frying Pan Lake på New Zealand og Boiling Lake på Dominica. Han ligg i eit geotermisk område kjent som Midway Geyser Basin.

Grand Prismatic Spring blei omtalt av geologar som var med på å utføra Hayden Geological Survey i 1871. Dei gav han namnet «Prismatic» etter dei slåande fargane hans, som minner om regnbogefargane til kvitt lys spreidd av eit optisk prisme: raudt, oransje, gult, grønt og blått.

Historie Dei fyrste nedteikningane om kjelda kjem frå tidlege europeiske utforskarar og landmålarar. I 1839 reiste ei gruppe pelsjgegar frå American Fur Company gjennom Midway Geyser Basin og noterte seg ein «kokande sjø» mest truleg Grand Prismatic Spring, med ein diameter på . I 1870 vitja Washburn–Langford–Doane-ekspedisjonen kjelda, og merka seg ein geysir på i nærleiken som seinare blei kalla Excelsior).

Farge

Dei sterke fargane i kjelda kjem av mikrobematter rundt kantane av det mineralrike vatnet. Mattene lager farger frå grønt til raudt; fargen kjem an på forholdet mellom klorofyll og karotenoid og på temperaturskilnaden i vatnet. Om sommaren er gjerne mattene oransje til raude, medan om vinteren er dei vanlegvis mørkegrøne. Midten av sjøen er sterilt på grunn av den sterke varmen.

Den djupe blåfargen til vatnet kjem av den innebygde fargen til vatn. Effekten er sterkast i midten av kjelda på grunn av den stere tilstanden og djupna her.

Fysisk struktur Kjelda er rundt i diameter og er djup. Ein reknar med at ho slepp ut av vatn på per minutt.

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Grand Prismatic Spring» frå , den 14. mai 2019.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Varmekjelder i USA Kategori:Yellowstone nasjonalpark