Knud Geelmuyden Bull () var ein norsk-australsk målar som var bror av fiolinisten og komponisten Ole Bull og arkitekten Georg Andreas Bull.

mini|View of Hobart Town (1853) Han fekk truleg den første målarutdanninga si i København, og fekk seinare ein del undervising hjå Jacob Calmeyer i Bergen. I 1833–34 var han elev av J.C. Dahl i Dresden.

I 1845 drog han frå Stockholm til Storbritannia, der han laga ei trykkplate for 100 spesidalar for å kunna produsere falske norske pengesetlar. Han blei avslørt, stilt for retten og dømd til forvising til Australia i 14 år. I 1846 kom han til straffekolonien på Norfolkøya vest for Australia. Året etter blei han flytta til Tasmania. I 1853 blei han frigjeven, men blei som mange andre forviste fangar verande i Australia. Han slo seg ned i Hobart, der han etablerte seg som profesjonell landskapsmålar.

Han flytta til Sydney i 1856. Året etter blei han tatt for sjekkforfalsking, men frifunnen på grunn av mangel på bevis. I åra som følgde gav han undervising og tok diverse tilfeldig arbeid, men måla lite sjølv.

Knud Bull er rekna som ein pioner innan australsk målarkunst. Han er representert i alle dei sentrale musea i Australia. Berre nokre få verk av han er kjende frå Noreg.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff Norsk kunstnerleksikon, b. 1 : A-G, side 354-355, digital utgåve Ragnar Kvam jr. Straffen Gyldendal 1999. Familens sorte får. Aftenposten Historie Nr. 2 2019. s. 66-71

Kategori:Australiarar av norsk opphav Kategori:Australske målarar Kategori:Norske målarar Kategori:Folk frå Bergen