DS «Lofoten» (kallesignal JPMC) var eit dampskip bygt i 1873 som passasjer- og lasteskip og som det åttande skipet til Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS). Det vart bygd ved Bergen Mekaniske Verksted som det 28. bygget deira og kosta 52 000 spesidalar.

Historie DS «Lofoten» vart sett inn i rute nordover til Nord-Norge. Frå sommaren 1884 gjekk skipet inn i turistfart med to vekentlege ruter mellom Trondheim og Nordkapp i juni og juli. Rutene vart sidan utvida til Bergen.

I september 1894 vart «Lofoten» ombygd med litt større lastekapasitet og ny motor, og vart samstundes omdøypt «Vesta».

I 1906 havarerte «Vesta» ved Drøbak. I 1915 vart skipet bygd om til eit reint lasteskip og passasjerinnreiinga vart fjerna.

Etter første verdskrigen opna fart til Austersjøen seg som ein potensiell marknad for BDS. Dei inngjekk avtale med britiske Walford Baltic Transports og det polske Sarmacaja. Saman med Walford oppretta BDS selskapet Bergenske & Walfort Baltic Transports i London i 1921, men alt i 1922 vart Walford løyst ut slik at det vart Bergenske Baltic Transports. Samstundes overtok Bergenske 45 % av aksjane i Sarmacaja, som så vart bygd opp til eit reiarlag med seks skip. Eit av desse seks skipa var gamle «Vesta», som 22. november 1922 vart overført til Sarmacaja Steamships Co. Ltd. i Polen og fekk heimehamn i Danzig. Det vart då omdøypt «Trogl», før det året etter fekk namnet «Bug». I 1927 vart skipet opphogd.

Sjå òg Andre fartøy som heiter «Lofoten».

Kjelder

Kategori:Norske dampskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde ved Bergen Mekaniske Verksted Kategori:Skip frå 1873 Kategori:Skip sluttsegla i 1927 Kategori:1873 i Noreg