No Roses er eit studioalbum av Shirley Collins og The Albion Country Band. Det vart spelt inn i Sound Techniques og Air Studios i London, sommaren 1971. Det vart produsert av Sandy Roberton og Ashley Hutchings (ektemannen til Shirley Collins på den tida). Albumet kom ut i oktober 1971 på Pegasus.

Heile 27 forskjellige musikarar spelar på albumet, som består av tradisjonelle folkeviser. Dette skjedde då folk besøkte innspelingane og vart spurt om dei ville delta. «The Murder of Maria Marten», ein lengre song om mordet i den raude låven, er delt inn i fleire delar, der britisk folkrock er blanda med meir tradisjonelle partar. Shirley Collins hadde brukt ein liknande teknikk på «One Night As I Lay on My Bed» på Adieu to Old England.

Somme songar, som «Poor Murdered Woman» og «Murder of Maria Marten» består av store delar av Fairport Convention-besetninga frå slutten av 1969 (Liege and Lief). Faktisk spelar Fairport Convention-medlemmen Ashley Hutchings på alle, Simon Nicol og Richard Thompson på åtte og Dave Mattacks på tre av dei ni songane på albumet.

«Claudy Banks» består av ein komponert duett av Alan Cave på fagott og den britiske frijazz-saksofonisten Lol Coxhill. «Hal-An-Tow» består av medlemmar frå to vokalgrupper, The Watersons (Lal og Mike Waterson) og The Young Tradition (Royston Wood). Både trommeslagaren Roger Powell og pianisten Ian Whiteman hadde tidlegare spelt i lag i bandet Mighty Baby.

Innhald

Alle songane er arrangement av tradisjonelle folkeviser.

Medverkande Medverkande kjem frå databasen Mainly Norfolk.http://mainlynorfolk.info/shirley.collins/records/noroses.html Mainly Norfolk: sporliste, line-up and further information concerning No Roses

Shirley Collins – solovokal (alle spor) Ashley Hutchings – bassgitar (alle spor), perkusjon (spor 7-8) Roger Powell – trommer (spor 1-2, 5-8) Dave Mattacks – pinnar (spor 2), trommer (spor 4, 9) Simon Nicol – elektrisk gitar (spor 1-2, 4, 9) akustisk gitar (spor 3, 5-6), korvokal (spor 8) Richard Thompson – elektrisk gitar (spor 1, 4-7, 9), akustisk 12-strengsgitar (spor 3), slidegitar (spor 8) Tim Renwick – elektrisk gitar (spor 4), akustisk 12-strengsgitar (spor 7-8) Ian Whiteman – piano (spor 1, 5) Dolly Collins – piano (spor 3, 9) Dave Bland – concertina (spor 1, 5-6, 9), hammardulcimer (spor 2, 8) Alan Cave – fagott (spor 1) Lol Coxhill – altsaksofon (spor 1) Tony Hall – trekkspel (spor 2, 8) John Kirkpatrick – trekkspel Nic Jones – korvokal og fele (spor 4) Barry Dransfield – fele (spor 4) Francis Baines – lirekasse (spor 4) Colin Ross – northumbrisk sekkepipe (spor 5) Alan Lumsden – ophicleide (spor 5) Steve Midgen – valthorn (spor 7) Gregg Butler – serpent (spor 8) Trevor Crozier – munnharpe (spor 8) Maddy Prior – korvokal (spor 6) Royston Wood – korvokal (spor 7-8) Lal og Mike Waterson – korvokal (spor 7)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «No Roses» frå , den 20. april 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Debutalbum frå 1971 Kategori:The Albion Band-album Kategori:Shirley Collins-album