Channel 4 er ein britisk fjernsynskringkastar. Han blei oppretta i 1982 etter ei avgjerd i Det britiske parlamentet som eit supplement til kanalane ein allereie hadde. Channel 4 er for det meste finansiert av reklame, men har på same måte som BBC ei rolle som allmennkringkastar ved å senda publikumsinformasjon og driva skulefjernsyn. Kanalen blir send i England, Skottland og Nord-Irland. Wales har ein lokal variant, S4C, som sender andre Channel 4-program i tillegg til program på walisisk.
Channel 4 starta sendingane sine 2. november 1982, to år etter at avgjerda om å starta han blei teken. Kringkastaren var opphavleg underlagd Independent Broadcasting Authority (IBA), men har no Channel Four Television Corporation som eigar. Dette føretaket blei skipa i 1990 og er underlagt det britiske Department for Digital, Culture, Media and Sport.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Channel 4» frå , og «Channel 4» frå den 14. april 2019. Bakgrunnsstoff
Kategori:Britiske medieføretak Kategori:Britiske føretak med offentleg eigarskap Kategori:Skipingar i 1982 Kategori:Den europeiske kringkastingsunionen