mini|Flagget til presidenten av Pakistan
Presidenten av Pakistan er statsoverhovud for den islamske republikken Pakistan. Ifølgje den pakistanske grunnlova har presidenten makt til å oppløysa nasjonalforsamliga og lysa ut nyval. Denne makta er fleire gonger blitt omformulert i ulike grunnlovstillegg etter fleire militærkupp og utbyttingar av regjeringar.
Det 18. grunnlovstillegget frå 2010 endra styreforma i Pakistan tilbake frå eit halv-presidentielt system til ein parlamentarisk demokratisk republikk. Under dette systemet har presidenten avgrensa makt til å styra, og utfører mest seremonielle oppgåver medan statsministeren har det meste av den politiske makta.
Presidenten blir vald av eit valkollegium frå senatet, nasjonalforsamlinga og provinsforsamlingane. Han kan sitja i stillinga i in periode på fem år. Dersom presidentperioden blir avkorta eller presidenten er borte, tek formannen for senatet mellombels over embetet.
Presidentembetet blei innstifta i 1956. Det blei danna då Pakistan blei utropt til republikk gjennom ei ny grunnlov. Iskander Mirza blei den første presidenten i landet. Landet har til saman hatt tretten presidentar (2019), med to mellombels presidentar i kortare periodar i tillegg. Ein av desse, Wasim Sajjad, var mellombels president i to periodar, ein i 1993 og ein i 1997–98.
Sekst presidentar har vore medlm av eit politisk parti, fire av dei i Pakistan Peoples Party (PPP). Den første presidenten var ein pensjonert offiser, fire andre var offiserar i teneste og tre av desse tok makta gjennom militærkupp – Ayub Khan i 1958, Muhammad Zia-ul-Haq i 1977 og Pervez Musharraf i 1999. President Zia døydde i embetet då flyet hans forulykka medan han vende tilbake frå Bahawalpur til Islamabad denn 17. august 1988. Khan, med sine to presidentperiodar, har vore lengst i embetet med rundt ti år og fem månadar.
Den noverande presidenten i Pakistan er Arif Alvi frå Pakistan Tehreek e Insaf.
Fargar
Partinamn Republican Party Muslim League (C) Den pakistanske hæren Sjølvstendig Muslim League (Q) Peoples Party Muslim League (N) Pakistan Tehreek-e-Insaf
Presidentar
+Liste over presidentar av Pakistan No. Bilde Namn(fødd–død) Byrja i embetet Forlét embetet Val Parti Merknad 1 Iskander Mirza(1899–1969) 23. mars 1956 27. oktober 1958 — Republican Party Mirza var den siste generalguvernøren av Pakistan og blei den første presidenten etter grunnloven av 1956, som gjorde landet til ein republikk. Han blei avsett i eit militærkupp av general Ayub Khan, som Mirza hadde utnemnd til Chief Martial Law Administrator i 1957. 2 Ayub Khan(1907–1974) 27. oktober 1958 8. juni 1962 — — Ayub tok kontroll over ladet ved eit statskupp i 1958. Han leia Pakistan inn i ein krig mot India i 1965. I 1969 gjekk Ayub av etter press frå opposisjon, og overlét makta til general Yahya Khan. 8. juni 1962 31. mars 1969 2. januar 1965 Pakistan Muslim League (C) 3 Yahya Khan(1917–1980) 31. mars 1969 20. desember 1971 — — Yahya fekk embetet etter at Ayub Khan trekte seg i 1969. Han trekte seg etter at Pakistan blei nedkjempa i Den bangladeshiske frigjeringskrigen i 1971. 4 Zulfikar Ali Bhutto(1928–1979) 20. desember 1971 13. august 1973 20. desember 1971 Pakistan Peoples Party Bhutto trekte seg som president for å bli statsminister etter innføringa av grunnloven frå 1973, som gav landet eit parlamentarisk politisk system. 5 Fazal Ilahi Chaudhry(1904–1982) 14. august 1973 16. september 1978 14. august 1973 Pakistan Peoples Party Chaudhry var ein konstitusonell president, der statsmiinister Zulfikar Ali Bhutto hadde den politiske makta. Chaudhry trekte seg i 1978 og overlét embetet til general Zia. 6 Muhammad Zia-ul-Haq(1924–1988) 16. september 1978 17. august 1988 — — Zia tok de facto kontroll over landet gjennom eit statskupp i 1977. Han hadde tittelen Chief Martial Law Administrator til 1979. Zia-ul-Haq blei drepen i ei flyulkke i 1988. Han er den einaste pakistanske presidenten som har døydd i embetet. 7 Ghulam Ishaq Khan(1915–2006) 17. august 1988 18. juli 1993 13. desember 1988 Sjølvstendig Khan blei president etter at Zia døydde i 1988. Han prøvde å avsetja regjeringa til Nawaz Sharif i 1993, men høgsteretten la ned veto mot avgjerda. Til slutt gjekk Khan av i lag med Sharif, i ein avtale hæren forhandla fram. 8 Farooq Leghari(1940–2010) 14. november 1993 2. desember 1997 14. november 1993 Pakistan Peoples Party Leghari blei vald til president i 1993 etter at Ghulam Ishaq Khan tekte seg. Leghari var i koflikt med statsminister Nawaz Sharif, og trekte seg til slutt etter påtrykk frå dei konservatives og hæren. 9 Muhammad Rafiq Tarar(1929–) 1. januar 1998 20. juni 2001 31. desember 1997 Pakistan Muslim League (N) Tarar var konstitusjonell president, medan statsminister Nawaz Sharif hadde den politiske makta. Tarar trekte seg i 2001. 10 Pervez Musharraf(1943–2023) 20. juni 2001 6. oktober 2007 1. januar 2004 — Musharraf tok de facto kontroll over landet gjennom eit kupp i 1999. Han hadde tittelen Chief Martial Law Administrator til 2002. Musharraf trekte seg som president i 2008 for å unngå å stillast for riksrett. 6. oktober 2007 18. august 2008 6. oktober 2007 Pakistan Muslim League (Q) 11 Asif Ali Zardari(1955– ) 9. september 2008 9. september 2013 6. september 2008 Pakistan Peoples Party Zardari blei vald etter at Musharraf trekte seg i 2008. Det 18. grunnlovstillegget frå¨2010 reduserte den vide presidentmakta til ei seremoniell rolle. 12 Mamnoon Hussain(1940–2021) 9. september 2013 9. september 2018 30. juli 2013 Pakistan Muslim League (N) Hussain blei vald til den 12. presidenten av Pakistan med ein god majoritet, og byrja i embetet den 9. september 2013. 13 Arif Alvi(1949– ) 9. september 2018 4. september 2018 Pakistan Tehreek-e-Insaf Alvi blei vald til den 13. presidenten i Pakistan med over 54 ø% av røystene i valkollegiet. Motkandidatane var Maulana Fazl-ur-Rehman og Aitzaz Ahsan.
Mellombels presidentar
+ No. Bilde Namn(Birth–death) Byrja Slutta Val Parti 1A Wasim Sajjad(1941– ) 18. juli 1993 14. november 1993 — Pakistan Muslim League (N) 2A Wasim Sajjad(1941– ) 2. desember 1997 1. januar 1998 — Pakistan Muslim League (N) 3A Muhammad Mian Soomro(1950– ) 18. august 2008 9. september 2008 — Pakistan Muslim League (Q)
Merknadar
Sitat
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «List of Presidents of Pakistan» frå , den 13. april 2019.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Pakistansk politikk Pakistan