mini|Kirpan Kirpan er ein dolk eller eit sverd som blir bore av sikhar. Ordet kirpān frå panjabi og hindi kjem frå sanskrit kṛpaṇa, som tyder ‘sverd’.

Kirpan er ein av dei fem K-ane i sikhismen, som skal berast av alle innvigde sikhar. Påbodet om dei fem K-ane blei instifta av guru Gobind Singh i 1699. Det religiøse påbodet om å bera våpen kan føra til konflikt i det moderne samfunnet, til dømes i samband med å la unge sikhar bera kirpan på skular.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kirpan» frå , den 11. april 2019.

Kategori:Knivar Kategori:Sikhisme Kategori:Ord frå panjabi