Karmin eller karminraudt er ein høgraud eller blodraud farge eller eit fargestoff. Det kjem hovudsakleg frå karminsyre (C22H20O13).

Karmin blir brukt som tilsetjingstoff i mat og drikke med E-nummeret E120. Det blir også brukt til å farga sminke,Vanliga frågor - ingredienser tekstilar og andre fargeprodukt.

Ein har særleg fått pigmentet frå cochenillelus, ein type skjoldlus. Karmin er eigentleg eit giftstoff som lusa produserer for å verna seg frå rovdyr.

Ordet karmin kjem frå fransk eller tysk, frå mellomalderlatin carminium, og er ei samanblanding av arabisk qirmiz, 'skarlak', og latin minium, 'mønje'.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Karmin» frå , og «Karmin» frå den 19. mars 2019.

Kategori:Farger