Claudia Künzel, gift Nystad, er ein tysk tidlegare langrennar, fødd i Zschopau i dåverande Aust-Tyskland. Ho vann OL-gull i 4 x 5 km stafett under Vinter-OL 2002 og VM-gull i same øvinga året etter. I 2010 vart ho olympisk meister i lagsprint saman med Evi Sachenbacher. Individuelt vann Künzel sølvmedaljen på sprintdistansen ved Ski-VM 2003 og i Vinter-OL 2006. Ho vann sølvmedaljar i 4 x 5 km stafett også under Vinter-OL 2006 og Ski-VM 2007, i den sistnemnde meisterskapen også i lagsprinten. Medaljesankinga avslutta Künzel/Nystad i Vinter-OL 2014, då Tyskland kom på bronseplassen i 4 x 5 km stafett.

Aktiv Künzel deltok i verdscupen i langrenn fyrste gongen i mars 1998. I februar 2001 gjekk ho inn til tredjeplass i ei sprinttevling i Nové Město na Moravě, der einast Julija Tsjepalova og Anita Moen kom i mål før henne.

Under Vinter-OL 2002 i Salt Lake City enda Künzel på fjerdeplass på sprinten. Få dagar seinare gjekk ho tredjeetappen for det tyske laget som overraskande tok gullmedaljen, etter Evi Sachenbacher spurtslo norske Anita Moen. Manuela Henkel og Viola Bauer gjekk dei to fyrste etappane for Tyskland. Dei same fire utøvarane vann også 4 x 5 km stafett under ski-VM 2003 i Val di Fiemme. Tidlegare i same verdsmeisterskapen sikra Künzel seg sølvmedaljen i sprinttevlinga, bak den nye norske storløparen Marit Bjørgen.

Ved vinterleikane 2006 tok Künzel ein ny sølvmedalje på sprintdistansen, bak Chandra Crawford frå Canada. På stafetten spurta Künzel det tyske mannskapet inn til sølvmedaljar. To sølvmedaljar sanka ho i lag med tyske lagkameratar då Ski-VM 2007 vart avvikla i Japan. Ny sølvmedaljar fekk ho då Tyskland for tredje og fjerde gong i rad vart nummer 2 i ein meisterskapsstafett over 4 x 5 kilometer, høvesvis ved Ski-VM 2009 og Vinter-OL 2010. Under meistermøtet i det nemnde vinter-OL i Vancouver, syrgde ho for OL-gull til seg og Evi Sachenbacher då ho slo svenske Anna Haag med seks tidels sekund i innspurten på lagsprinten.

Etter fire medaljelause år, enda Künzel og Tyskland opp med bronse på 4 x 5 km stafett i Sotsji-OL 2014.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap Vinter-OL 2002: Gullmedalje i 4 x 5 km stafett Ski-VM 2003: Gullmedalje i 4 x 5 km stafett, sølv i sprint Ski-VM 2005: Nr 7 på tremila, nr 4 i lagsprint Vinter-OL 2006: Sølv i stafett, sølv i sprint, nr 6 på 30 km Ski-VM 2007: Sølvmedalje i både stafett og lagsprint Ski-VM 2009: Sølvmedalje i stafett Vinter-OL 2010: Gull i lagsprint og sølv i stafett Vinter-OL 2014: Bronsemedalje i stafett

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Claudia Nystad» frå , den 12. mars 2019.

Kategori:Tyske langrennsløparar Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Olympiske meistrar for Tyskland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Olympiske medaljevinnarar i langrenn Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2002 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2002 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2006 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2006 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2010 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2014 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2014 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2015