Paul McGrath, opphavleg Paul Nwabilo, () er ein irsk tidlegare fotballspelar, fødd i London. Over ein tiårsperiode frå 1985 til 1996 utmerkte han seg som ein sterk midtstoppar, fyrst i Manchester United til 1989, deretter i Aston Villa til 1996. McGrath var i mange år fast på det irske landslaget, spelte 83 landskampar og skåra åtte mål.

Klubbspel McGrath spelte 1981/82-sesongen på St Patrick's Athletic FC i Dublin. Strak fekk han kontrakt med Manchester United, utan han vart aktuell for ein plass i mannskapet som FA-cupen 1983. Gradvis fekk han meir tillit, og lenge før Manchester United kvalifiserte seg til ein ny FA-cupfinale i 1985, hadde teke over som midtstoppar i stade for skotten Gordon McQueen. Skadar, dårleg form og usemje med lagsjef Alex Ferguson førte til at McGrath fekk mindre speletid frå 1987 og 1988.

I august 1989 vart McGrath overført til Aston Villa mot £400 000. På Villa Park vart han ein publikumsfavoritt, og vart i 1993 jamvel kåra til Spelarane sin spelar i England. I mars 1994 var han med då Aston Villa vann ligacupfinalen med 3-1 over Manchester United. To år etter vann McGrath ligacupen for andre gong, då Aston Villa sigra med 3-0 over Leeds United. Hausten 1996 gjekk turen til Derby County, medan han hausten 1997 spelte for Sheffield United på nivå to i ligaen i tre månader.

Landslagsspel McGrath fekk sin landslagsdebut i februar 1985 og spelte 83 landskampar i tida fram til februar 1997. Han var ein viktig spelar då Irlands landslag sist i 1980-åra byrja hevde seg mot dei beste fotballandslaga i Europa, under landslagssjef Jackie Charlton. McGrath deltok såleis i Fotball-EM 1988 og spelte alle Irlands kampar under verdsmeisterskapen i 1990 og i 1994. Han spelte tre kampar mot Noreg, alle tre enda 0-0. Den siste av desse kampane førte til at Noregs lag rauk ut or VM 1994, grunna færre mål enn dei andre laga i gruppa. McGrath skåra i alt 8 landslagsmål.

Merittar Vinnar av FA-cupen:1985 med Manchester United Vinnar av ligacupen: 1994 og 1996 med Aston Villa

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Paul McGrath (footballer» frå , den 12. februar 2019.

eu-football

Kategori:Irske fotballspelarar Kategori:Aston Villa-spelarar Kategori:Manchester United-spelarar Kategori:Derby-spelarar Kategori:Sheffield United-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1988 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1990 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994