Ericka Maria Thrash Engelstad ()Dødsannonse i Nordlys 21. juli 2018. var ein norsk arkeolog. Ho var professor ved Institutt for arkeologi og sosialantropologi ved Universitetet i Tromsø.«Engelstad, Ericka» , UiT Norges arktiske universitet. Lest 25. oktober 2015.
Engelstad hadde doktorgrad (ph.d.) i antropologi frå University of Wisconsin-Madison i USA frå 1980. Ho var tilsett ved Universitetet i Tromsø frå 1981, først ved Tromsø museum, og frå 1991 ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Ho hadde gjesteprofessorat ved universiteta i Cambridge, Berkeley og Uppsala. I 2006 vart ho utnemnd til æresdoktor ved Uppsala universitet«Filosofie hedersdoktorer», Uppsala universitet. Lest 25. oktober 2015. og i 2012 til æresdoktor ved Göteborgs universitet.«Hedersdoktorer lyfter språk, litteratur och genus», Göteborgs universitet, Lest 25. oktober 2015.
Det primære forskingsfeltet hennar var arkeologi over steinalderen, blant anna med vekt på bergkunst. Ho var vidare mykje oppteken av arkeologien som samfunnsvitskap, og då særleg kjønnsperspektivet.
Engelstad deltok i utgravingar og forskingsprosjekt i Finnmark (Alta-Kautokeinovassdraget, Iverfjord), Tysfjord, Karelen og Sør-Afrika.
Engelstad var redaktør for Norwegian Archaeological Review i perioden 1991-2001 og av KAN - Kvinner i Arkeologi i Noreg 1992-95. Ho var styremedlem i Instituttet for sammenlignende kulturforskning.
I 2005 redigerte ho (saman med Siri Gerrard) artikkelsamlinga Challenging situatedness. Gender, culture and the production of knowledge (Eburon).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ericka Engelstad» frå , den 10. februar 2019.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Professorar ved UiT Noregs arktiske universitet Kategori:Norske arkeologiprofessorar