Dag Christopher Weberg () er ein norsk politikar frå Hole i Buskerud. Han representerte Oppland og partiet Høgre på Stortinget i tida 1989-97.
Bondesonen Weberg gjekk både handelsskule, befalsskule og landbruksskule i tida 1954-59. Frå 1965 var han gardbrukar på Kvelsrud i Jevnaker i Oppland.
I Jevnaker engasjerte Weberg seg politisk for Høgre. Han var såleis kommunestyremedlem 1976-83 og fylkestingsmedlem 1984-89, med plass i fylkesutvalet. Periodane 1977-83 og 1988-? hadde han plass i sentralstyret i Høgre. Stortingsbolken 1985-89 var Weberg fyrste varamann til Stortinget, og møtte på Tinget i kortare periodar. Hausten 1989 vart han så vald inn på Stortinget, attvald i 1993. Dei fyrste fire åra var han medlem i Landbrukskomiteen, dei siste fire i Næringskomiteen. Ved stortingsvalet 1997 fekk ikkje Høgre plass på Opplands-benken i Stortinget.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Folk frå Ringerike Kategori:Folk frå Jevnaker