This Path Tonight er det sjette soloalbumet til den britiske musikaren Graham Nash, gjeve ut 15. april 2016. Det er det første studioalbumet hans på 14 år.

Bakgrunn Då han skreiv melodiane for This Path Tonight var Nash separert frå kona Susan etter 38 års ekteskap og dette var tungt i tankane hans. Som han sa om albumet: «This Path Tonight er den kjenslemessige reisa mi på dette stadiet i livet mitt. Det skjer mange endringar og som musikar prøver eg å finne mot til å møte framtida mi og holde fast i ho. Prousenten min, Shane Fontayne og eg ønskte å gjere ein meir funky, meir intim kjensle og byrja albumet med songen 'This Path Tonight.»

Utjeving Den 22. januar 2016 annonserte Nash at et komande albumet skulle ut 15. april 2016 og få namnet This Path Tonight og delte tittelsporet gjennom nettsida til musikkmagasinet MOJO.

Innhald

Medverkande Graham Nash: solovokal, akustisk gitar Shane Fontayne: gitar, korvokal Jennifer Condos: bass Todd Caldwell: hammondorgel Patrick Warren: piano Jay Bellerose: trommer, perkusjon

Salslister Liste (2016) Plasseringar Italienske album (FIMI) 34

Kjelder Denne artikkelen bygger på «This Path Tonight» frå , den 27. januar 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 2016 Kategori:Graham Nash-album