Craig Doerge () er ein USA-amerikansk klaverspelar, låtskrivar og studiomusikar.
Han flytta til Los Angeles i midten av 1960-åra for å arbeide som studiomusikar og låtskrivar for A&M Records, og med Jim Keltner og andre på musikk for teiknefilmar. Etter å ha spelt på GTOs-albumet Permanent Damage, slo han seg saman med Judy Henske og Jerry Yester i bandet Rosebud, og seinare gifta han seg med Henske. Frå tidleg i 1970-åra spelte han på mange innspelingar, mellom andre med Lee Hazlewood og Linda Ronstadt, og han spelte òg inn eit soloalbum for Columbia Records i 1974.[ Craig Doerge på Allmusic.com] Biografi på Craig Doerge si nettside
Han skipa The Section, ei supergruppe av studiomusikarar, med Danny Kortchmar, Leland Sklar og Russ Kunkel, som spelte inn tre hovudsakleg instrumentale album tidleg og midt i 1970-åra. Dette bandet fortsette inn i 1980-åra og spelte på innspelingar og turnear med Crosby, Stills and Nash, James Taylor og Jackson Browne.
Doerge var òg låtskrivar i lag med Browne, David Crosby, Paul Williams og andre, og har skrive filmmusikk. I nyare år har han produsert to album for kona, Judy Henske.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Craig Doerge» frå , den 16. januar 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:USA-amerikanske studiomusikarar Kategori:USA-amerikanske pop-pianistar Kategori:USA-amerikanske rockepianistar Kategori:USA-amerikanske pianistar Kategori:USA-amerikanske organistar Kategori:USA-amerikanske klaverspelarar Kategori:Musikarar frå Cleveland