Glasmagasinet eller GlasMagasinet er eit kjøpesenter på Stortorget i Oslo. Det var i mange år eit varemagasin for Christiania Glasmagasin, som også var kjend som Glasmagasinet. Bygningen er verna etter plan- og bygningsloven og er kommunalt listeført.
Historie mini|venstre|Glasmagasinet i 2010. mini|Stortorvet i 1865 med Simonsen på Torvet i nummer 9, Christiania Glasmagasin i nummer 10 og Elephant-Apotheket i nummer 11 (frå 1879). Den midtre delen av bygningen blei reist i 1899 i nyrenessansestil etter teikningar av Harald Olsen. Olsen hadde så arkitektkontoret sitt i øvste etasje av denne bygningen.Harald Olsen (1851-1910) Geir Tandberg Steigan / Artemisia Seinare bygg kom til i 1973 og 1990.
Heile rekkja utgjer Stortorvet 9, 10 og 11. Då Christiania Glasmagasin først flytta hit var det til den midterste bygningen, nummer 10.Knut Are Tvedt side 123 Nummer 9, som ligg på hjørnet mot Møllergata, bestod den gongen av eit lite hus kalla Simonsen på Torvet.Simonsen på Torvet, Stortorvet 9 Geir Tandberg Steigan / Artemisia Huset var ein kombinert bustad- og forretningsgard der Peter Simonsen hadde kolonial fram til 1897. Etter hans tid blei bygget rive. Gardeigaren fekk ført opp dagens bygning ved arkitekt Ove Ekman i 1898-99, og forretningen Simonsen på Torvet heldt til her fram til 1935. Deretter blei garden innlemma i Glasmagasinet.
Den siste bygningen i rekkja, hjørnegarden mot Torggata, var nummer 11 og her låg Elephant-Apotheket.Knut Are Tvedt side 151 Apoteket låg på Stortorget frå 1879 til bygningen blei riven i 1972. Året etter byrja oppføringa av den nyaste delen av Glasmagasinet under leiing av arkitekt Frithjof Stoud Platou.Byantikvarens Gule listeF.S. Platou i Norsk biografisk leksikon Bygget blei ferdigstilt i 1974. Det blei endra ved ei påbygging mot Linaaes gate i 1990; arkitekten bak dette var Jan Digerud.Jan Digerud i Norsk biografisk leksikon
I 2014 bestemte Christiania Glasmagasin seg for å forlata bygningen, og blei erstatta av fleire mindre butikkar.
Eigaren av bygget er KLP Eiendom.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «GlasMagasinet» frå , den 12. januar 2019.
Litteratur Knut Are Tvedt (red): Oslo byleksikon, Kunnskapsforlaget 2010, ISBN 978-82-573-1760-7
Kategori:Byggverk i Oslo Kategori:Skipingar i 1899 Kategori:Kjøpesenter i Oslo Kategori:Oslo sentrum