City er det andre studioalbumet til trioen Roger McGuinn, Gene Clark og Chris Hillman, som alle tidlegare var med i det originale The Byrds. Albumet kom ut i 1980 og var oppfølgjaren til McGuinn, Clark & Hillman frå året før.

Det andre albumet deira vart oppført som McGuinn & Hillman «featuring Gene Clark». Dette skjedde fordi Clark droppa ein planlagt turné for albumet og berre bidrog med to songar til albumet, den eine ironisk kalla «Won't Let You Down». Clark var på denne tida byrja å bli upåliteleg som følgje av heroinmisbruk. I tillegg var han misnøgd med den musikalske retninga det førre albumet hadde teke, hovudsakleg på grunn av produksjonen til Ron og Howard Albert. Innan 1981 hadde Clark slutta og McGuinn og Hillman gav ut eit album til som «McGuinn/Hillman».

Innhald

Medverkande Roger McGuinn - gitar, vokal Gene Clark - gitar, vokal Chris Hillman - bass, vokal Chuck Crane - gitar Scott Kirkpatrick - trommer, korvokal Skip Edward - klaverinstrument, steelgitar

Produksjon Produsent: Howard Albert, Rob Albert Lydteknikar og miksing: Don Gehman Assisterande lydteknikar: Rick Allison Master av Mike Fuller Kunstnarisk leiar: Roy Kohara Fotografi: Jim McCrary, Larry DuPont Design: Phil Shima Notat i omslaget: Stephen K. Peeples

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gene Clark» frå , den 7. januar 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Roger McGuinn-album Kategori:Gene Clark-album Kategori:Chris Hillman-album Kategori:Musikkalbum frå 1980 Kategori:Capitol Records-album