The Bootleg Series Vol. 13: Trouble No More 1979–1981 er ei samling av opptak frå 1979 til 1981 av Bob Dylan, utgjeve 3. november 2017, med musikken han skreiv og framførte som gjenfødd kristen på albuma Slow Train Coming, Saved og Shot of Love.

Det er den 11. utgjevinga i Bob Dylan Bootleg Series, og kom ut på Legacy Records den 3. november 2017. Albumet kom ut i tre utgåver: ei dobbelplate, ei firedobbel LP-utgåve med same innhaldet som den doble CD-utgåva og ei luksusutgåve med åtte CD-plater og ein DVD. Ei dobbel bonussamling vart òg gjeven ut i lag med luksusutgåva. Den doble standardutgåva inneheld det same som dei to første platene av luksusutgåva.

Historie Seint i 1978 vart Dylan kristen. Han byrja å skrivne kristne songar, som kom ut på Slow Train Coming (1979), Saved (1980), og delvis Shot of Love (1981). Det religiøse innhaldet forvirra delar av fansen til Dylan - på same måte som Dylan hadde framandgjort vise-puristane i 1965 då han «gjekk elektrisk».

Innhald Trouble No More består hovudsakleg av konsertopptak frå denne tida, i tillegg til demoversjonar og unytta opptak frå innspelingane av dei tre studioalbuma han spelte inn perioden. 20. september 2017 vart songen «When You Gonna Wake Up (Oslo, Norway - 9. juli 1981)» publisert på Youtube-kanalen til Dylan. Det var den første singelen frå samlinga, som kom ut i forskjellige utgåver og format.

Den doble standardutgåva av albumet inneheld konsertopptak av alle songane som er med på Slow Train Coming, Saved og Shot of Love, med unntak av Porter Wagoner-songen «A Satisfied Mind» på Saved og «Heart of Mine», «Property of Jesus», «Lenny Bruce» og «Trouble» frå Shot of Love. Tre av songane er ikkje gjevne ut før.

Luksusutgåva på ni plater byrjar me dei to platene frå standardutgåva. Dei neste seks platene inneheld musikk, medan den niande er ein dokumentar frå denne perioden på DVD. Luksusutgåva inneheld 100 spor som ikkje var gjevne ut før, både konsert- og studioopptak, ei fotobok på 120 sider og omfattande notat i omslaget. Boksen inneheld over åtte timar med musikk, og to bonusplater med ein komplett konsert frå San Diego i 1979 som ein fekk med kjøp av luksusutgåva gjennom den offisielle nettsida til Dylan.

DVD-dokumentaren Trouble No More: A Musical Film (USA, 2017, 59 min.) vart regissert av Jennifer Lebeau og Ron Kantor og syner bilete av Dylan frå turneen hans i 1980 med nytt materiale skriven av Luc Sante og framført av den Oscarnominerte Michael Shannon, i tillegg til over 28 minuttar med ekstramateriale. Dokumentaren hadde premiere på New York Film Festival i 2017.

Innhald Den doble standardutgåva

Luksusutgåva

Avgrensa bonusplate

Medverkande

Bob Dylan — vokal, gitar, munnspel, piano Al Kooper, Spooner Oldham, Willie Smith, Terry Young — klaverinstrument Steve Ripley, Carlos Santana, Fred Tackett — gitar Tim Drummond — bass Jim Keltner, Arthur Rosato — trommer Mary Elizabeth Bridges, Carolyn Dennis, Gwen Evans, Clydie King, Regina McCrary, Regina Peebles, Helena Springs, Mona Lisa Young — korvokal, perkusjon

Salslister Liste (2017) Plasseringar Australske album (ARIA) 70 Italian Albums (FIMI) 36 New Zealand Heatseeker Albums (RMNZ) 3 Spanish Albums (PROMUSICAE) 15 Swedish Albums (Sverigetopplistan) Click on «Veckans albumlista». 7

Sjå òg Slow Train Coming Saved Shot of Love

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Bootleg Series Vol. 13: Trouble No More 1979–1981» frå , den 23. desember 2018.

Kategori:Samlealbum frå 2017 Kategori:Konsertalbum frå 2017 Kategori:Columbia Records-album Kategori:Demoalbum Kategori:Samlealbum av Bob Dylan Kategori:Konsertalbum av Bob Dylan Kategori:Plateboksar