The 1966 Live Recordings er ei samling av konsertopptak fordelt på 36 CD-plater frå verdsturneen til Bob Dylan i 1966. Plateboksen kom ut på Legacy Records i november 2016. Det inneheld alle kjende innspelingar frå turneen, inkludert publikumsopptak. Det meste av samlinga var ikkje utgjeven før og somme av lydbanda har heller aldri vore i sirkulasjon.
Bakgrunn The 1966 Live Recordings vart gjeven ut for å hindre at innspelingane kom i offentleg eige i Europa, på liknande vis som The 50th Anniversary Collection (1962), The 50th Anniversary Collection 1963 og The 50th Anniversary Collection 1964. Studioopptaka frå 1965 og 1966 vart gjeven ut på The Bootleg Series Vol. 12 (der konsertopptaka frå 1965 vart mogelege å laste ned for dei som kjøpte Samlarutgåva).
Marknadsføring Samlinga vart annonsert 27. september 2016, og songen «Tell Me, Momma» vart neste dag lagt ut på YouTube, og utgjevinga kom i lag med ein 12 minuttar lang dokumentar.
Andre utgjevingar Konserten frå Manchester (plate 19 og 20) var alt gjeven ut i 1998 som ein del av The Bootleg Series Vol. 4. Ein konsert frå plateboksen (London, 26. mai 1966 - plate 28 og 29) vart gjeven ut separat i november 2016 under tittelen The Real Royal Albert Hall 1966 Concert. I tillegg vart konserten 13. april 1966 i Sydney (plate 1 og 2) gjeven ut berre i Australia som ein avgrensa dobbel-LP med tittelen Live in Sydney 1966.
Mottaking
The 1966 Live Recordings har i dag ein score på 93 % på MetaCritic. Jesse Jarnow frå Pitchfork sa «Ein klassisk turné frå start til slutt. Den einaste bakdelen med samlinga er meir formatet enn musikk» og hylla dei flotte framføringane, men klaga litt på at det var den same setlista som vart spelt kvar gong.
Innhald Alle songar skrivne av Bob Dylan, utanom «Baby, Let Me Follow You Down».
Alle spora er i mono, utanom CBS Records-innspelingane (plate 17, 19, 20, 28, 29, 30 og 31) som er i stereo.
Musikars Bob Dylan: akustisk gitar, elektrisk gitar, munnspel, piano, solovokal Robbie Robertson: elektrisk gitar Rick Danko: bass, korvokal Garth Hudson: orgel Richard Manuel: piano Mickey Jones: trommer Sandy Konikoff: trommer (før 26. mars 1966)
Musikarar frå Olof Bjorner.Bjorner (17. februar 2000) Island Garden, Hempstead, 26. februar 1966 Bjorner's Still on the Road. Henta 21. juli 2010Bjorner Jacksonville Coliseum, Jacksonville, 5. mars 1966 Bjorner's Still on the Road. Henta 21. juli 2010Bjorner (13. mars 2009) PNE Agrodome, Vancouver, 26. mars 1966 Bjorner's Still on the Road. Henta 21. juli 2010Bjorner (7. august 2000) Arie Crown Theater, Chicago, 26. november 1965 Bjorner's Still on the Road. Henta 20. juli 2010
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The 1966 Live Recordings» frå , den 22. desember 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Konsertalbum frå 2016 Kategori:Konsertalbum av Bob Dylan Kategori:Columbia Records-album Kategori:Plateboksar