Aagot Nissen, fødd Kavli () var ein norsk skodespelar, opphavleg frå Bergen.
Aagot Kavli var dotter til ein kjøthandlar i Bergen. I 1899 fekk ho jobb ved Nationaltheatret i Kristiania då teatret opna, og var tilsett der til 1960. Ho utmerkte seg i roller som Solveig i Peer Gynt av Henrik Ibsen, Klara i Trappenstreg av Franz Adam Beyerlein, frøken Sperling i Det lykkelige valg av Nils Kjær, og som Malla i Geografi og kjærlighet av Bjørnstjerne Bjørnson.
Nissen gjorde si einaste filmrolle i Himmeluret, ein stumfilm av Amund Rydland og Leif Sinding som vart vist i 1925.
Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958
Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Folk frå Bergen