Charlottenborg er ein bygning ved Kongens Nytorv i sentrale København i Danmark. Her ligg mellom anna Det Kongelige Danske Kunstakademi.
Den eldste delen av Charlottenborg stammar frå slutten av 1670-talet.
Historie mini|venstre|Hagen bak Gyldenløves palé, det noverande Charlottenborg på Kongens Nytorv. Ein kan sjå Ulrik Frederik Gyldenløve med fjørpryda hatt midt i bildet.Charlottenborg frå Den Store Danske Måleri av Jacob Coning frå 1694. mini|venstre|Charlottenborg i 1870-åra. Frå J.P. Trap: Kongeriget Danmark 2. utgåve 1879
Charlottenborg blei oppført for Ulrik Frederik Gyldenløve i åra 1672-1683 og var ein av dei første større bygningane som blei oppførte ved Kongens Nytorv, som då var nytt. Bygningen var i tillegg eun av dei første barokkbygningane som blei bygga i Danmark.ARKITEKTUREN FRA 1660 - CA. 1754, Charlottenborg fra Dansk Arkitektur Center (besøkt 27. juni 2014)
Kunstakademiet Det danske Kunstakademiet blei formelt oppretta i 1754 og overtok ein stor del av Charlottenborg. I 1787 blei paléet endeleg overdratt til akademiet som eigedom, og brukt av dei til våre dagar, bortsett frå i ein periode etter brannen i København i 1795, då fleire institusjonar flytta inn midlertidig.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Charlottenborg (Danmark)» frå , den 26. november 2018.
Bakgrunnsstoff
Kunsthal Charlottenborg Charlottenborgfondet
Kategori:Byggverk i København Kategori:Slott i Danmark Kategori:Freda byggverk i København