mini|Illustrasjon til eventyret av William Heath mini|Illustrasjon til eventyret av Hans Tegner.
«Dei nye klædi til keisaren», dansk originaltittel «Keiserens nye Klæder», er eit kunsteventyr frå 1837 skrive av den danske forfattaren H.C. Andersen. Eventyret fortel om ein forfengeleg keisar som blir lurt til å tru at han går rundt i særs flotte nye klede som i røyndomen ikkje finst. Ingen våger å seia at dei ikkje ser kleda, sidan skreddarane som har laga dei har sagt at berre dei som er dumme eller ikkje passa i embetet sitt ikkje kan sjå det. Til slutt utbryt eit barn at han ikkje har noko på seg, og endeleg vedgår alle at dei ikkje kan sjå kleda.
Eventyret kom først ut saman med «Den lille Havfrue» i København, på forlaget C.A. Reitzel, den 7. april 1837. Det er blitt omsett til over 100 språk.Andersen 2005a 4 «Keiserens nye klær» er blitt til eit fast uttrykk for uvilje mot å peika på problem eller kritisera noko som generelt er godt omtykt.
Det blei omsett til nynorsk som «Dei nye klædi til keisaren» av Halvor Floden i 1930. På bokmål er det kjent som «Keiserens nye klær».
Opphav Kunsteventyret byggjer på eldre folkeeventyr. Ei gammal kjelde finst i ei spansk fabel- og eventyrsamling frå 1335, (eller ),Spansk Exemplo XXXIIº – De lo que contesció a un rey con los burladores que fizieron el paño. Engelsk Of that which happened to a King and three Impostors from Count Lucanor; of the Fifty Pleasant Stories of Patronio, written by the Prince Don Juan Manuel and first translated into English by James York, M. D., 1868, Gibbings & Company, Limited; London; 1899; pp. xiii–xvi. Accessed 2010-03-06. av Juan Manuel, prins av Villena (1282–1348), med kjelder i Æsops fablar og persiske eventyr. Andersen hadde ikkje lese det spanske eventyret, men las ei tysk omsetjing, .Bredsdorff s. 312–3 I det opphavlege eventyret blir ei konge lurt av vevarar som påstår at dei kan laga klede som er usynlege for einkvar mann som ikkje er ekte son av den påståtte faren sin. Andersen endra eventyret til å fokusera på byrgskap og forfengelegheit.Wullschlager 2000, s. 176
Det finst også ein indisk versjon av soga som blir gjengjeven i Līlāvatīsāra av Jinaratna (1283), ei samanfatting av ei fabelsamling som no er tapt, Nirvāṇalīlāvatī av Jineśvara (1052). Den uærleg handeslmannen Dhana frå Hastināpura svindlar kongen av Śrāvastī ved å tilby å veva eit overnaturleg stoff som ein uektefødd person ikkje kan sjå eller føla. Når kongen tek på seg det påståtte kledet lèt heile hoffet som om dei ser det. Når kongen så går ut i byen for å visa fram det nye kledet, spør vanlege folk om han er blitt til ein naken asket. Han forstår at han er blitt lurt, men svindlaren har allereie flykta.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Keiserens nye klær» frå , den 18. november 2018.
Denne artikkelen bygger på «The Emperor's New Clothes» frå , den 5. mai 2019. oppgav desse kjeldene: Bibliografi
Bakgrunnsstoff Keiserens nye klæder ved Dansk Wikisource runeberg.org Keiserens nye Klæder skann av førsteutgåva frå 1837 (gotisk skrift)
Kategori:Danske eventyr Kategori:Kunsteventyr Kategori:Eventyr av H.C. Andersen Kategori:Kultur i 1837 Kategori:Uttrykk Kategori:Oppdikta keisarar Kategori:Oppdikta skreddarar