«Tombstone Blues» er det andre sporet på albumet Highway 61 Revisited av Bob Dylan frå 1965. Musikalsk er han påverka av blues, medan teksten er typisk for den surrealistiske perioden til Dylan, med linjer som «the sun's not yellow, it's chicken».

Eit konsertopptak gjort for MTV i november 1994 kom ut på MTV Unplugged i 1995.

Songen vart framført av Marcus Carl Franklin og Richie Havens i I'm Not There, filmen basert på livet til Dylan. Sheryl Crow framførte songen i eit konsertopptak på Sheryl Crow and Friends: Live from Central Park i lag med Eric Clapton, Chrissie Hynde, Keith Richards, Stevie Nicks, Sarah McLachlan og Dixie Chicks.

Stephen King siterer songen mot slutten av den første romanen sin, Carrie. Han brukar linjene: «Now I wish I could write you a melody so plain That could hold you dear lady from going insane That could ease you and cool you and cease the pain Of your useless and pointless knowledge».

Og siterte igjen frå songen med linja: «you will not die, it's not poison» i kapittel elleve i romanen Gerald's Game.

Teksten Teksten passar inn i den surrealistiske stilen til Dyllan på denne tida, samstundes om han kjem med bitande kritikk av samfunnet og styresmaktene. Songen har fleire direkte og indirekte antydingar til bibelske figurarar og historiske referansar. Til dømes til Johannes døyparen, som Dylan syng fire linjer om: «John the Baptist after torturing a thief Looks up at his hero the Commander-in-Chief Saying, “Tell me great hero, but please make it brief Is there a hole for me to get sick in?”».

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tombstone Blues» frå , den 5. november 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1965 Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Songar produserte av Bob Johnston Kategori:Sheryl Crow-songar Kategori:Richie Havens-songar