Kapers (Capparis spinosa) er ein toårig busk med avrunda, ganske tjukke blad og store bleikrosa blomar. Busken er viltveksende i landa omkring Middelhavet, der han trivst på murar og i kystnære urar. Planta er mest kjend for knoppar og frukter ein kan eta.

venstre|mini|Sylta kapers

Kapers kan òg visa til dei sylta blomsterknoppane frå kapersbusken. Dei uopna knoppane vert lagde i ein lake av vineddik og vert brukt som smakstilsetting i mange matretter og til smørbrød. Det er dei minste knoppane som har den mest utprega delikate smaken.

I 2005 var Marokko, Spania og Frankrike dei tre største eksportlanda for kapers.

Kjelder Denne artikkelen bygger på Kapers frå , utgåva frå 28. juli 2017

Bakgrunnsstoff Meir om kapers ved coop.no

Kategori:Brassicales Kategori:Krydder