Malcolm Cecil () var ein britisk jazzbassist og Grammyprisvinnande plateprodusent.
Cecil var fødd i London og var med å skipe ein av dei leiande jazzkvintettane i Storbritannia på slutten av 50-åra, The Jazz Couriers,The Jazz Couriers at David Taylor's British jazz web site før han var medlem av fleire britiske jazzcomboar leia av Dick Morrissey, Tony Crombie og Ronnie Scott seint i 1950- åg tidleg i 1960-åra.Ronnie Scott at David Taylor's British jazz web site Seinare vart han med Cyril Davies og Alexis Korner i den originale besetninga av Blues Incorporated.
I lag med Robert Margouleff skipa han duoen TONTO's Expanding Head Band, eit prosjekt som brukte ein unik kombinasjon av synthesizerar som gjorde at dei samarbeidde med og samproduserte fleire av dei prisvinnande albuma til Stevie Wonder tidleg i 1970-åra som Talking Book (1972), Music of My Mind, Innervisions og Fulfillingness' First Finale.
Cecil og Margouleff var òg lydteknikarar på det Wonder-produserte albumet Perfect Angel (1974) av Minnie Riperton.
Den unike lyden deira gjorde dei ettersøkte og dei samarbeidde mellom andre med Quincy Jones, Bobby Womack, The Isley Brothers, Billy Preston, Gil Scott-Heron, Weather Report, Stephen Stills, The Doobie Brothers, Dave Mason, Little Feat, Joan Baez og Steve Hillage.
Solo 1981 Radiance
Med TONTO's Expanding Headband 1971: Zero Time 1972: It's About Time 1996: TONTO Rides Again (compilation of above)
Som sidemann 1961: It's Morrissey, Man! – Dick Morrissey Quartet 1961: The Tony Crombie Orchestra 1961: Let's Take Five – Emcee Five 1962: Bebop from the East Coast – Emcee Five 1971: Where Would I Be? – Jim Hall Trio 1973: 3+3 – The Isley Brothers 1974: Live It Up – The Isley Brothers 1975: Diamonds & Rust - Joan Baez 1975: The Heat Is On – The Isley Brothers 1976: Harvest for the World – The Isley Brothers 1977: Motivation Radio – Steve Hillage 1978: Secrets – Gil Scott-Heron (med Brian Jackson) 1980: Real Eyes – Gil Scott-Heron 1981: Reflections – Gil Scott-Heron 1982: Moving Target – Gil Scott-Heron 1983: Shut 'Um Down; Angel Dust (singlar) – Gil Scott-Heron 1994: Spirits – Gil Scott-Heron 1996: A Jazzy Christmas – Bill Augustine 2009: A Jazzy Christmas 2 – Bill Augustine 2011: We're New Here – Gil Scott-Heron (med Jamie xx)
Produksjon og anna Som produsent, programmerar og/eller lydteknikar:
Med Stevie Wonder 1972: Music of My Mind 1972: Talking Book 1973: Innervisions 1974: Fulfillingness' First Finale 1991: Jungle Fever
Forskjellige Dave Mason – It's Like You Never Left (1973) Mandrill – Beast From The East (1975) Billy Preston – It's My Pleasure (1975) Billy Preston – Billy Preston (1976) Blood Donor – Rubber Revolution (1979 – frå albumet Blood Donor) Savoy Brown – Kings of Boogie (1989 – lydteknikar) Mark Josephson – Dreamstate (1990) Pete Bardens – Watercolours (2002)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Malcolm Cecil» frå , den 23. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Engelske plateprodusentar Kategori:Engelske komponistar Kategori:Engelske jazzmusikarar Kategori:Engelske jazzbassistar Kategori:Musikarar frå London