Thomas Lee «Tommy» Jackson jr. () var ein USA-amerikansk felespelar og vert rekna som ein av dei beste felespelarane gjennom tidene. Han spelte på hundrevis av countryplater frå 1940- til 1970-åra, og det er blitt sagt at han «truleg er å høyre på fleire countryplater enn nokon annan musikar». Charles Wolfe, «Tommy Jackson – King of the 50’s Fiddlers», Native Ground. Henta 18. oktober 2018

Alt som barn spelte han fele med Johnnie Wright og Kitty Wells, og spelte som tenåring med Curley Williams og Paul Howard på Grand Ole Opry, før han var haleskyttar i Army Air Corps i andre verdskrigen.Biography by Bruce Eder, Allmusic.com. Henta 18. oktober 2018

Attende i det sivile i 1946, turnerte han med Whitey Ford og andre før han vart med i orkesteret til Red Foley på The Opry. Han byrja òg å spele som studiomusikar, stundom i lag med ei gruppe som bestod av Jerry Byrd, Louis Innis og Zeke Turner, og vart kjend som det første Nashville studio A-team. Jackson spelte på mange av Hank Williams sine klassiske innspelingar frå seint i 1940-åra, inkludert «Lovesick Blues».

I 1950-åra spelte han med Webb Pierce, Faron Young, Ray Price og i 1960-åra med artistar som George Jones og Bill Monroe, Tommy Jackson, FindaGrave.com. Henta 18. oktober 2018 då han vart ein av dei mest etterspurde studiomusikarane i Nashville.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tommy Jackson (musician)» frå , den 18. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikarar frå Birmingham i Alabama Kategori:USA-amerikanske studiomusikarar Kategori:USA-amerikanske countryfelespelarar