Degaga Wolde, kjend som Mamo Wolde, () var ein etiopisk langdistanseløpar som vart olympisk meister i maratonøvinga under Sommar-OL 1968 i Mexico, der han også vann sølvmedaljen i milløpet. Fire år seinare tok han bronsen i maraton då Sommar-OL 1972 fann stad i München.

Liv og gjerning Wolde var frå 1951 soldat i den etiopiske keisarhæren, 1953-55 med i ein fredsstyrke i Korea.

I 1956 deltok han i Sommar-OL i Melbourne, men kom seg ikkje vidare til finalen på 1500 meter. 3. juli 1962 dukka han opp på Bislett stadion der han vart nummer 3 på 10 000 m i Oslo-leikane på 29.16,8, briten Bruce Tulloh vann løpet.Arbeiderbladet 4. juli 1962 Under Sommar-OL 1964 i Tokyo kom Wolde på fjerdeplass på 10 000 meter med livsbeste 28.31,8. I maraton gav han opp. Tidleg i juli 1967 sette Wolde personleg rekord på 5 000 m 13.38,8 i Turku, både der og i Bislett-leikane halvanna veke etter vart han andremann på 5 000 m, slått av Ron Clarke frå Australia.

Etter at Abebe Bikila vann det olympiske maratonløpet i 1960 og 1964, tok Wolde Etiopias tredje strake gullmedalje i maraton under Sommar-OL 1968. Seks dagar tidlegare fekk Wolde elles sølv på 10 000 meter, slått i innspurten av Naftali Temu frå Kenya med 0,6 sekund. Fire år seinare, under Sommar-OL i München i 1972, sprang 40 år gamle Wolde inn til bronsemedalje i maraton på personleg rekord på 2.15.09.

Wolde var nasjonalhelt i Etiopia, hans ry berga han frå å verte drepen i byrjinga av militærdiktaturet til Mengistu Haile Mariam. I 1993, to år etter diktaturet fall, vart Wolde fengsla og anklaga for å vere ein av Mariam-regimet sine kollaboratør og for drapet på ein 15 år gammal gut. Tidleg i 2002 vart Wolde dømt til seks års fengsel, men omgåande sett fri ettersom han allereie hadde sote ni år i fengsel. Kort tid etter døyde Wolde av kronisk leversjukdom, nær 70 år gammal.

I mars 2007 vart gravene åt Wolde og Bikila ramponerte av ukjende personar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1956 i Melbourne: Utslått i kvalifiseringa på 1500 m (3.51,0=nr 22) OL 1964 i Tokyo: Nr 4 på 1 0000 m – 28.31,8, braut maratonløpet OL 1968 i Mexico-byen: Gull i maraton – 2.20.26, sølv på 10 000 m – 29.28,0 OL 1972 i München: Bronsemedalje i maraton – 2.15.09

Kjelder

World Athletics Denne artikkelen bygger på «Mamo Wolde» frå , den 14. oktober 2018.

Kategori:Etiopiske langdistanseløparar Kategori:Etiopiske maratonløparar Kategori:Olympiske meistrar for Etiopia Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Etiopia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Etiopia Kategori:Etiopiske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956 Kategori:Etiopiske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1968 Kategori:Etiopiske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1972 Kategori:Etiopiske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972