Joan Baez er debutalbumet til visesongaren Joan Baez. Albumet vart spelt inn sommaren 1960 og kom ut same året. Den originale utgjevinga bestod av 13 tradisjonelle viser. Seinare utgåver inkluderte tre bonusspor.

I 2015 vart albumet utvalt til å innførast i Det nasjonale innspelingsregisteret til Library of Congress som bevarer musikk som vert rekna for særskild viktig for det amerikanske samfunnet..

Historie Baez steig fram under den amerikanske folkemusikk-gjenreisinga seint i 1950-åra, og gjorde seg særleg kjend på den første Newport Folk Festival i juli 1959. Fleire folk prøvde å få kontrakt med ho etter konserten hennar på musikkfestivalen, inkludert Columbia, men ho valde i staden å gå for eit lite, sjølvstendig selskap, Vanguard. Baez spelte inn albumet for selskapet sommaren 1960, då ho var nitten år gammal.

Dei fleste av songane bestod berre av Baez på vokal og gitar, medan ein ekstra gitar (spelt av Fred Hellerman frå The Weavers) vart lagt til på somme songar. Trass i at det ikkje vart nytta strykarar, blåsarar, korsongarar og i tillegg mangla hitsinglar, selde albumet til gullplate. Det gjekk ikkje inn på Billboard 200 før i 1962, etter suksessen til det andre albumet hennar, Joan Baez, Vol. 2. Joan Baez nådde 15. plassen på albumlista og låg 140 veker inne på lista.

I 1983 skildra Baez innspelinga av albumet til Kurt Loder i Rolling Stone:

I 2001 gav Vanguard ut att Joan Baez med ny tekst i plateomslaget og tre bonusspor som ikkje var gjevne ut før.

I 2014 gav Waxtime Records ut Joan Baez med ny tekst i plateomslaget og berre to bonussppor frå tidlegare Baez-innspelingar som opphavleg kom ut på samleplata Folksingers' Round Harvard Square i 1959.

Mottaking

I meldinga si for Allmusic gav Bruce Eder albumet fem av fem stjerner og skreiv at den klåre lyden var merkbar på den tida. Han skreiv at ««Baez gjev ein fin oversikt over dei mest reservert og minst konfronterande aspekta av vise-gjenoppreisinga, og presenterer ei rekkje tradisjonelle songar (særskild «East Virginia» og «Mary Hamilton») med eit driv og ein oppriktigheit som gjer at lyttaren kjenner seg som om dei vart sungen for første gongen.»

Lovord

Albumet er inkludert i boka til Robert Dimery, 1001 Albums You Must Hear Before You Die.^ Robert Dimery; Michael Lydon (23. mars 2010). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. .

I 2015 vart albumet rekna som «kulturelt, historisk eller estetisk viktig» av Library of Congress og vald ut for National Recording Registry.

Innhald

Salslister og salstrofé

Salslister ListePlassering

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Joan Baez (album)» frå , den 13. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Debutalbum frå 1960 Kategori:Joan Baez-album Kategori:Album produserte av Maynard Solomon Kategori:Vanguard Records-album Kategori:United States National Recording Registry-innspelingar