Nick Jameson () er ein USA-amerikansk skodespelar, songar, låtskrivar, musikar og plateprodusent, kanskje mest kjend for rolla som den russiske presidenten Juri Suvarov over tre sesongar av serien 24.
Jameson har hatt roller i TV-seriane Mission Hill, The Critic, 24, Lost, The King of Queens og hatt stemma til forskjellige roller i Star Wars: Clone Wars. Han har spelt i over 114 filmar og hatt røysta til Max i videospelet Sam & Max Hit the Road og Psychonauts.
Jameson har òg hatt ein aktiv musikkarriere. Han var ei kort stund uoffisielt medlem av Foghat, og produserte fleire av albuma deira, inkludert Fool for the City med hitten «Slow Ride». Han har òg gjeve ut eit par soloalbum, Already Free og A Crowd of One sistnemnde med singelen «Weatherman», som gjekk inn på Billboard Hot 100.A Crowd of One - Nick Jameson|Awards|AllMusic (chart positions) @AllMusic.com Henta 8-3-2013.
Diskografi
Med The American Dream 1970: The American Dream
Med Paul Butterfield 1973: Paul Butterfield's Better Days: It All Comes Back (berre produsent)Paul Butterfield's Better Days- It All Comes Back @Discogs.com Henta 12. oktober 2018. 1976: Put it in Your EarPaul Butterfield- Put it in Your Ear @Discogs.com Henta 12. oktober 2018.
Med Tim Moore 1974: Tim Moore 1975: Behind the Eyes (berre produsent)
Med Foghat 1974: Rock and Roll Outlaws (berre produsent) 1975: Fool for the City
Soloalbum 1977: Already Free 1986: A Crowd of One
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nick Jameson» frå , den 12. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:USA-amerikanske rockebassistar Kategori:USA-amerikanske rockesongarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske multiinstrumentalistar Kategori:USA-amerikanske plateprodusentar Kategori:Musikarar frå Missouri