Den norske ambassaden i Buenos Aires er ein norsk utanriksstasjon. Ambassaden husar den norske ambassadøren til Argentina med stab. Adressa er Carlos Pellegrini 1427, 2. etasje, C1011AAC, Buenos Aires. Fram til 1957 var utanriksstasjonen ein legasjon, og seinare vart han ambassade.
Etter unionsoppløysinga i 1905 vart Argentina eitt av dei første landa med norsk utenriksstasjon. Dette på grunn av skipsfarten mellom landa. Den første ministeren send frå Noreg til Buenos Aires var Søren Andreas Christophersen. Han hadde budd der sidan 1870 og hadde vore norsk-svensk konsul og sendemann og var godt kjend der nede.
Sendemenn og ambassadørar
1906–1919: Søren Andreas Christophersen, ulønna minister 1919–1924: Halvard Huitfeldt Bachke 1924–1927: Johan Fredrik Winter Jakhelln 1927–1933: ingen minister, berre ein chargé d'affaires.Meldinga om at stillinga som minister ikkje ville verta besett kom i Minister Bachke til Washington og minister Jakhelln til Helsingfors, publisert i Aftenposten den 8. august 1927. Ifølgje Ny sendemannstilling i Buenos Aires i Aftenposten den 12. desember 1933, hadde Buenos Aires ein chargé d'affaires i 1933, som ein frå 1934 ville ha omgjort til ein sendemann av 2. lønnsgrad. Dette finaniserte ein ved å inndra chargé d'affaires-posten i Santiago i Chile. Den nye sendemannen fekk då sideakkreditiv til Chile, i tillegg til Montevideo i Uruguay og Anuncion. 1933–1935: Carl Ferdinand Sandberg 1935–1941: Rolf Andvord 1945–1945: Ludvig Cæsar Martin Aubert (i ei kort periode) 1946–1951: Terje Knudtzon 1951–1958: Reidar Solum 1958–1963: Julius August Christian Fleischer 1963–1968: Erik Andreas Colban 1968–1974: Finn Seyersted 1974–1979: Knut Aars 1979–1984: Odd Gerhard Jakobsen 1984–1987: Åre Kapstø 1987–1990: Henrik Foss Holo 1990–1994: Erik Tellmann 1994–1999: Peter Nicolay Ræder 1999–2003: Sissel Birgitte Breie 2003–2007: Gunnar Henrikssøn Lindeman 2007–2012: Niels Haugstveit 2012–2015: Janne Julsrud 2015–2019: Jostein Leiro 2019– : Lars Ole Vaagen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Norges ambassade i Buenos Aires» frå , den 10. oktober 2018.
Bakgrunnsstoff
Argentina Kategori:Norsk utanrikspolitikk Kategori:Buenos Aires