Erland Asdahl () var ein norsk gardbrukar og politikar frå Nes i Akershus. Han var stortingsrepresentant 1977-81 frå Akershus og for Senterpartiet. Kristian Asdahl var ein eldre bror.
Etter middelskuleeksamen i 1937 tok Erland Asdahl i 1941 eksamen ved Tomb jordbrukskule. Han fekk omgåande jobb gardsstyrar på storgarden Fossum i heimbygda Nes, seinare forpakta han Fossum-garden til 1957. Der etter eigde og dreiv han slekstsgarden i Nes i tida 1957-85. Dei siste leveåra var han seljar for A/S Lett-Jord til han døydde.
Asdahl engasjerte seg i politikken for Senterpartiet. Han var medlem i Nes kommunestyre 1960-67 og 1972-75, lengste tida med plass i formannskapet. Hausten 1977 vart han vald til å representere Akershus fylke og Senterpartiet på Stortinget, der han dei neste fire sesjonane var sekretær i Administrasjonskomiteen.
Asdahl var søndagsskulelærar i 42 år frå 1941. Han var formann i Årnes sokneråd 1962 og 1966-68 og i Borg bispedømmeråd 1970-74.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Nes Kategori:Leiarar i Senterungdomen