Sonia Sotomayor () er ein av ni dommarar i Høgsteretten i USA.

Ho var føderal domar i appelldomstolen i den andre kretsen då ho i 2009 vart nominert av president Barack Obama til Høgsteretten i USA. Ho vart utnemnd 6. august 2009 av det amerikanske senatet med 68 mot 31 stemmer. Sotomajor vart med dette historisk som fyrste høgsterettsdommar med spansktalende bakgrunn.VG.no: Sotomayor godkjent som høyesterettsdommer Publisert: 6. august 2009, Besøkt: 6. august 2009. Ho var den tredje kvinna som vart utnemnd til dette dommarvervet.

Karriere Sotomayor er fødd i sørlege Bronx i New York. Ho er dotter av far og mor som flytte inn frå høvesvis San Juan og Lajas i det spansktalende amerikanske territoriet Puerto Rico. Ho er utdanna ved Princeton og Yale. Si gjerning som føderal domar innleidde ho i New York City i 1992 etter å ha vorte nominert av George Bush. Seks år etter vart ho den første kvinna av puertoricansk bakgrunn til å verta domar i ein føderal kretsdomstol etter å ha vorte nominert av Bill Clinton og approbert av senatet 2. oktober 1998.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sonia Sotomayor» frå , den 9. oktober 2018.

Referansar

Kategori:USA-amerikanske høgsterettsdommarar Kategori:Folk frå New York City