Status Quo er eit engelsk rockeband som spelar boogierock. Gruppa vart skipa som The Scorpions av skulevenene Francis Rossi og Alan Lancaster i 1962. Etter fleire besetningsendringar, der mellom andre Rick Parfitt kom inn i 1967, vart bandet kjent som The Status Quo i 1967 og berre Status Quo i 1969.
Gruppa hadde over 60 hittar på singellista i Storbritannia, meir enn noko anna rockeband, inkludert «Pictures of Matchstick Men» i 1968, «Whatever You Want» i 1979 og «In the Army Now» i 1986 og 2010. Tjueto av desse nådde topp 10 på UK Singles Chart. I juli 1985 opna bandet Live Aid på Wembley Stadium med «Rockin' All Over the World». I 1991 fekk Status Quo ein Brit Award for «Outstanding Contribution to Music».«1991 – Outstanding Contribution to Music Award – Status Quo» . Brits.co.uk. Henta 1. oktober 2018
Status Quo spelte i sin første film, Bula Quo!, som kom på kino i juli 2013. Filmen kom samstundes med filmmusikkalbumet Bula Quo!, som nådde tiandeplassen på UK Albums Chart. Den første singelen frå albumet, «Bula Bula Quo», kom ut i juni 2013 og vart den 100. singelen dei gav ut.
Quo har så langt selt kring 118 millionar plater verda over.
Historie 1962–1968: Dei første åra Status Quo vart skipa i 1962 med namnet «The Scorpions» av Francis Rossi og Alan Lancaster på Sedgehill Comprehensive School i Catford, i lag med klassekameratane Jess Jaworski (klaverinstrument) og Alan Key (trommer). Rossi og Lancaster spelte den første konserten sin ved Samuel Jones Sports Club i Dulwich i London. I 1963 vart Key erstatta av John Coghlan og bandet endra namn til «The Spectres». I 1965, då Rossi, Lancaster og Jaworski var ferdige på skulen, valde Jaworski å slutte i bandet og vart erstatta av Roy Lynes.
Medlemmane byrja å skrive sine eigne songar og seinare det året møtte dei Rick Parfitt, som spelte i eit kabaretband kalla The Highlights. Mot slutten av 1965, var Rossi og Parfitt blitt nære vener og dei ønskte å arbeide i lag. Den 18. juli 1966 signerte The Spectres ein femårsavtale med Piccadilly Records. Dei gav ut to singlar det året, «I (Who Have Nothing)» og «Hurdy Gurdy Man» (skriven av Alan Lancaster), og ein året etter kalla «(We Ain't Got) Nothin' Yet» (ein song opphavleg spelt inn av The Blues Magoos). Ingen av singlane selde godt nok til å nå singellista.
I 1967 hadde gruppa oppdaga psykedelia og kalla seg Traffic, men måtte etter kort tid endre namn til «Traffic Jam» for ikkje å bli forveksla med Steve Winwood sitt Traffic, etter ein krangel om kven som hadde registrert namnet først. Bandet sikra seg ein spelejobb på BBC Radio-programmet Saturday Club, men i juni selde den neste singelen deira, «Almost But Not Quite There», dårleg. Månaden etter kom Parfitt inn i bandet, etter ønske frå manageren Pat Barlow, på rytmegitar og vokal. Kort tid etter Parfitt kom inn, i august 1967, vart bandet offisielt kalla The Status Quo.
1968–1970: «Pictures of Matchstick Men» og dei psykedeliske åra I januar 1968 gav bandet ut den psykedeliske «Pictures of Matchstick Men». Rick Parfitt var invitert med i bandet akkurat då songen gjekk inn på UK Singles Chart, og nådde sjuandeplassen. «Matchstick Men» vart i tillegg den einaste topp 40-hitten deira i USA, der han nådde 12. plassen på Billboard Hot 100. Sjølv om albuma til Status Quo kom ut i USA gjennom heile karrieren deira, fekk dei aldri den same suksessen der som dei fekk i heimlandet. Sjølv om oppfølgjaren deira, «Black Veils of Melancholy», selde dårleg, fekk dei ein ny hit same året med ein popsong skriven av Marty Wilde og Ronnie Scott, «Ice in the Sun», som nådde åttandeplassen. Etter gjennombrotet hyrte bandet Bob Young som scenearbeidar og turnémanager. I løpet av år vart Young ein av dei viktigaste låtskrivarpartnarane for Status Quo, i tillegg til at han spelte munnspel med dei på scenen og på plater.
1970–1981: Piledriver og Rockin' All Over The World mini|The «Frantic Four»-besetninga, venstre til høgre: Francis Rossi, Rick Parfitt og Alan Lancaster (skjult: John Coghlan) i Hammersmith Odeon i London, 1978 Etter et andre albumet deira, Spare Parts, selde dårleg, gjekk bandet bort frå psykedelia og Carnaby Street-motoen og byrja å spele hardrock og boogie i utvaska dongeribukser og t-skjorter, eit image som vart varemerke deira gjennom 1970-åra. Lynes slutta i bandet i 1970 og vart erstta av gjesteartistar i studio som klaverspelaren Jimmy Horowitz og Tom Parker. I 1976 vart det tidlegare The Herd, Judas Jump og Peter Frampton Band-medlemmet Andy Bown henta inn for å spele klaverinstrument, men han vart verande på kontrakt som soloartist med EMI og vart ikkje rekna som offisielt medlem av Status Quo før 1982.
Etter to relativt mislukka album, Ma Kelly's Greasy Spoon og Dog of Two Head i 1970 og 1971, kom det store gjennombrotet deira då dei fekk kontrakt med det tyngre og meir progressive selskapet Vertigo. Det første albumet deira for Vertigo, Piledriver, kom ut i 1972 og signaliserte ein enno tyngre og sjølvprousert stil. Dette albumet danna i røynda den stilmessige malen for alle albuma deira fram til Blue for You i 1976. Blant dei meir populære Quo-songane på denne tida finn ein «Paper Plane» (nr. 8 på den britiske singellista) (1972), «Caroline» (nr. 5 på den britiske singellista) (1973), «Break The Rules», (nr. 8 på den britiske singellista) (1974), «Down Down» (nr. 1 på den britiske singellista) (1975), «Rain» (nr. 7 på den britiske singellista) (1976), «Mystery Song» (nr. 11 på den britiske singellista) (1976), «Rockin' All Over the World» (nr. 3 på den britiske singellista) (1977) og «Whatever You Want» (nr. 4 på den britiske singellista) (1979). «Down Down» gjekk heilt til topps på UK Singles Chart i januar 1975 og vart den einaste singelen deira som klarte å nå toppen av lista. I 1976 signerte dei ein banebrytande sponsoravtale med Levi's.
Frå 1977 og frametter vart stilen til bandet meir polert då dei byrja å bruke produsentar utafor bandet. Desse var mellom andre Pip Williams, Roger Glover og John Eden. Glover var den første produsenten deira utafor sidan Pye-produsenten John Schroeder tidleg i 1970-åra the early 1970s, and produced «Wild Side of Life» and its B-side «All Through The Night» in 1976.
Tittelsporet på Rockin' All Over the World vart ein liten hit for låtskrivaren John Fogerty (tidlegare i Creedence Clearwater Revival) og vart ein av dei mest kjende songane til Status Quo.
1981–1991: Besetningsendringar, Live Aid og In The Army Now Kranglingar i bandet førte til at Coghland slutta i bandet seint i 1981. Erstattaren hans kom inn tidleg året etter og var Pete Kircher frå 60-talsbandet Honeybus. Det var på denne tida at Andy Bown offisielt var med i bandet. Sjølv om bandet hadde kontrakt for to album til, spelte denne besetninga den siste fulle konserten sin 21. juli 1984 i Milton Keynes Bowl. «Alle var fulle av kokain og hata kvarandre», har Rossi fortalt seinare, «og med byrja å drikke tequila på den turneen. Eg hugsar ikkje konserten i det heile tatt, - verken ekstranummera eller noko som helst; berre at eg på eit tidspunkt fall på rygg.»
Den siste konserten til Status Quo med Kircher-besetninga opna heile Live Aid-konserten på Wembley Stadium i juli 1985. Det året spelte Rossi inn og gav ut to solosinglar med låtskrivarpartnaren Bernie Frost. Parfitt spelte inn eit soloalbum, Recorded Delivery med bassisten John «Rhino» Edwards og trommeslagaren Jeff Rich. Albumet kom aldri ut, men somme av songane vart omarbeidd og gjeve ut sporadisk som B-sider for Status Quo fram til 1987.
I midten av 1985 byrja Rossi, Parfitt og Bown, i lag med Edwards og Rich, å arbeide på eit nytt Quo-album. Lancaster – som på denne tida meir eller mindre hadde slått seg ned i Australia – gjekk til retten for å få stoppa bandet frå å bruke namnet Status Quo, på grunn av aukande musikalske skilnader, mellom anna under innspelinga av Back to Back i 1983. Den spesifikke striden omhandla to spor som vart hitta for gruppa på den tida. Lancaster hadde skrive «Ol' Rag Blues», men vart sint då produsentane valde å gje ut ein versjon med Rossi på solovokal i staden for ein versjon han song sjølv. Søksmålet hindra òg utgjevinga av ein singel, «Naughty Girl», som det fanst eit katalognummer på Vertigo for.
Saka vart løyst utafor retten i januar 1986 slik at Quo kunne halde fram å spele inn In the Army Now, der «Naughty Girl» vart omarbeidd til «Dreamin'». Lancaster vart verande i Australia og byrja i 1986 å spele i supergruppa The Party Boys, med Angry Anderson frå Rose Tattoo, John Brewster frå The Angels og Kevin Borich, men fekk lite suksess utafor Australia. Lancaster slutta formelt i Status Quo i 1987.
I 1986 varma Quo opp for Queen på Magic-turneen deira. Det suksessrike In the Army Now kom ut seinare på året. Tittelsporet vart ein av dei største hittane deira i Storbritannia og nådde andreplassen på den britiske singellista. Det neste albumet, Ain't Complaining, i 1988, vart ikkje like populært, men gav dei hitten «Burning Bridges» som nådde femteplassen. Songen vart spelt inn med ny tekst i april 1994 med Manchester United F.C. som «Come On You Reds», og denne singelen gjekk til topps på singellista, men vart då tilskriven 'by Manchester United'.
1991–2010: Rock 'Til You Drop, «Fun, Fun, Fun» og turnering Første halvdel av 1990-åra falt salstala for bandet. For å marknadsføre albumet Rock 'Til You Drop (1991) heldt Quo fire arenakonsertar på forskjellige stader i Storbritannia i løpet av ein enkelt dag, som gav dei ein plass i Guinnes rekordbok. I 1994 kom albumet Thirsty Work med ein versjon av Jennifer Warnes-songen «I'm Restless», som vart ein alternativ og lettare stil for bandet. Don't Stop (1996) og Famous in the Last Century (2000) bestod nesten berre av coverlåtar (med unntak av tittelsporet på sistnemnde). Førstnemnde gav dei ein liten hit med ein versjon av Fleetwood Mac sin «Don't Stop» og The Beach Boys sin «Fun, Fun, Fun». Bandet hamna i ein krangel med Radio 1 etter at stasjonen nekta å ta med «Fun Fun Fun» på spelelista til radiostasjonen..
Parfitt gjekk gjennom ein hjarteoperasjon i 1997, men var klar att på scenen tre månader etter operasjonen.
Rich slutta i 2000 og vart erstatta av Matt Letley. Andrew Bown tok òg eit år fri etter at kona hans døydde, og vart mellombels erstatta på scenen av Paul Hirsh, tidlegare frå Voyager.
I 2005 deltok Rossi og Parfitt i den såpeoperaen Coronation Street der dei vart saksøkt av ein dagdrivar Les Battersby og måtte spele i bryllaupet hans som kompensasjon. I desember 2005 vart det kjend at Parfitt gjennomgjekk testar for strupekreft. Alle dei påfølgjande konsertane i Storbritannia vart avlyste. Det viste seg derimot at svulsten var godarta og han vart fjerne med suksess. I mai 2006 var Parfitt frisk att og vende attende til bandet, og dei heldt ein konsert i NEC Birmingham som var den 40. konserten deira der. Konserten vart filma og gjeven ut på DVD, kalla Just Doin' It.
1. juli 2007 spelte dei føre 63 000 folk på nye Wembley stadion som ein del av Concert for Diana.
Det 28. studioalbumet deira In Search of the Fourth Chord, kom ut på bandet sitt eige Fourth Chord i september 2007. Det var produsert av Pip Williams, som hadde arbeidd med Quo i studio sidan 1977.
I 2008 samarbeidde dei med den tyske technogruppa Scooter om å spele ein jumpstyle-versjon av singelen «Whatever You Want» frå 1979, kalla «Jump That Rock (Whatever You Want)». I desember 2008 gav dei ut de 75. singelen sin og den første julesingelen, kalla «It's Christmas Time», som nådde 40. plassen i UK Singles Chart.
2010–2013: Hello Quo, «Frantic Four»-turneane og Bula Quo! Rossi og Parfitt fekk begge Order of the British Empire i 2010 for dei musikalske tenestene sine.