George Lawrence Thorogood () er ein USA-amerikansk musikar, songar og låtskrivar frå Wilmington i Delaware. Den «høgenergiske boogie-bluesen» hans vart populær på radiostasjonar som spelte rock i 1980-åra, med hittar som «Bad to the Bone» og «I Drink Alone». Han populariserte òg eldre songar av amerikanske ikon, som «Move It on Over», «Who Do You Love?» og «House Rent Boogie/One Bourbon, One Scotch, One Beer».
Med bandet sitt, The Delaware Destroyers, har Thorogood gjeve ut over 20 album, og to av dei har selt til platinaplate i USA og seks til gullplate. Han har selt 15 millionar plater verda over.
Karriere Thorogood byrja karrieren sin tidleg i 1970-åra som akustisk soloartist i liknande stil som Robert Johnson og Elmore James etter å ha blitt inspirert på ein John P. Hammond-konsert. Kort tid etter skipa han eit band, The Delaware Destroyers, med ein skulekompis, trommeslagaren Jeff Simon. Med fleire musikarar utvikla dei sin eigen stil, ei blanding av Chicago blues og rock and roll. Dei første konsertane deira var i The Rathskeller på University of Delaware og i The Deer Park Tavern. Til slutt korta dei ned bandnamnet til The Destroyers. På denne tida arbeidde han òg som scenearbeidar for Hound Dog Taylor.About Blues. about.com
Thorogood spelte inn ein demo, Better Than the Rest, i 1974, men denne kom ikkje ut før i 1979. Den største platedebuten hans kom i 1976 med albumet George Thorogood and the Destroyers, som kom ut i 1977. I 1978 gav Thorogood ut det neste albumet sitt med The Destroyers kalla Move It on Over, med ein versjon av Hank Williams sin «Move It on Over». «Please Set a Date» og ei omarbeiding av Bo Diddley-songen «Who Do You Love?» kom ut i 1979.
Seint i 1970-åra hadde Thorogood og bandet hans base i Boston. Han var vener med Jimmy Thackery frå det Washington, D.C.-baserte bluesbandet The Nighthawks, og dei hadde faste spelejobbar vis-a-vis kvarandre på to klubbar i Washington. Ved midnatt brukte begge banda å spele Elmore James sin «Madison Blues» i same toneart og Thorogood og Thackery gjekk ut på gata, der dei utveksla gitarakkordar og gjekk inn til det andre bandet i den andre klubben.Washington Post Op Ed 15. mai 1993 – «M Street Shuffle» – fact-checked correction to Weekend section feature «Tune Town»; 7. mai 1993
Thorogood fekk vist seg for eit større publikum då han var oppvarmingsartist for The Rolling Stones på den amerikanske turneen deira i 1981. Han var òg musikalsk gjest på Saturday Night Live i oktober 1982. På denne tida turnerte Thorogood and The Destroyers mykje og dei spelte i alle dei 50 amerikanske statane på 50 dagar.7th Inning interview on WGN Radio, 27. juni 2007.
Bandmedlemmar mini|Thorogood og Jim Suhler i 2010.
The Delaware Destroyers George Thorogood – solovokal og sologitar Jeff Simon – trommer, perkusjon (sidan 1973) Billy Blough – bassgitar (sidan 1976) Jim Suhler – rytmegitar (sidan 1999) Buddy Leach – saksofon, piano (sidan 2003)
Tidlegare medlemmar Ron «Roadblock» Smith – rytmegitar (1973–1980) Hank «Hurricane» Carter – saksofon (1980–2003) Steve Chrismar – rytmegitar (1985–1993)
Diskografi
Studioalbum med tTe Destroyers 1977: George Thorogood and the Destroyers (Gold) 1978: Move It on Over (Gold) 1979: Better Than the Rest (Recorded in 1974) 1980: More George Thorogood and the Destroyers 1982: Bad to the Bone (Gold) 1985: Maverick (Gold) 1986: Nadine (CD-utgåve av Better Than the Rest) 1988: Born to Be Bad (Gold) 1991: Boogie People 1993: Haircut 1997: Rockin' My Life Away 1999: Half a Boy/Half a Man 2003: Ride 'Til I Die 2006: The Hard Stuff 2009: The Dirty Dozen 2011: 2120 South Michigan Ave.
Soloalbum 2017: Party of One
Kjelder Denne artikkelen bygger på «George Thorogood» frå , den 1. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Offisiell nettstad
Kategori:Sologitaristar Kategori:USA-amerikanske bluesgitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:USA-amerikanske bluesmunnspelspelarar Kategori:USA-amerikanske bluessongarar Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:USA-amerikanske rockesongarar Kategori:Slidegitaristar Kategori:Bluesrock-musikarar Kategori:Elevar ved University of Delaware Kategori:Musikarar frå Delaware