Ekte sypress eller middelhavssypress (Cupressus sempervirens) er eit høgt, slankt bartre av sypress-slekta i sypressfamilien. Den opphavlege varianten (Cupressus sempervirens var horizontalis) er frå Kreta, Egearhavet og kysten av Tyrkia.
Dei fleste variantar har kulturelt opphav i Midtausten, Tyrkia og Kypros, men sypress veks no også vilt i store bestandar i Italia, Frankrike, Spania og Nord-Afrika.
Treet vert inntil 35 meter høgt, og har konisk, høgreist kroneform. Treet kan verta 1 000 år gammalt, og dei halvcentimeter lange hannkonglane slepp frå seg pollen allereie i februar-mars. Dei 4 cm lange hokonglane er brune og runde med få, tillukka skjel.
Variantar med oppoverveksande greiner og ekstra slank form vert kalla festigiate (eller festigiata). Dette er populære park- og allétre òg i tempererte strøk som Sør-Afrika, Australia, USA, Canada, Storbritannia og sørlege Norden.
Nokre av dei vanlegaste variantane er: * Cupressus sempervirens var. horizontalis (opphavleg, truga) * Cupressus sempervirens var. sempervirens * Cupressus sempervirens var. festigiata (oppreist, slank variant) * Cupressus sempervirens var. stricta (oppreist, konisk variant)
Sypress er er mykje av eit landemerke for landskapet i middelhavsregionen, ikkje minst i Italia. Han er òg ein kulturplante som vart dyrka som allétre sidan Romarriket. Ei rekkje kunstmålarar har måla landskap med høgreiste og oppoverveksande sypressar under opphald i Italia og andre middelhavsland.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ekte sypress» frå , den 1. oktober 2018.
Litteratur
Kategori:Sypressfamilien